Jul Haganæs

Faktaboks

Jul Haganæs
Født
22. april 1932, Tisleidalen i Valdres, Oppland (no Innlandet)
Død
3. april 2013, Aurdal, Oppland (no Innlandet)
Av /Rana Blad/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Artikkelstart

Jul Haganæs var ein norsk forfattar frå Valdres. Han er særleg kjend som lyrikar, men skreiv også noveller og fleire biografiar.

Bakgrunn

Jul Haganæs var fødd på småbruket Flagesletten i Tisleidalen i Valdres. Han døydde i Aurdal. Haganæs gjekk realskulen og var bankassistent før han vart journalist i avisene Valdres og Samhold/Velgeren. Siste del av yrkeslivet var han forfattar på heiltid.

Forfattarskapen

Haganæs debuterte i 1965 med diktsamlinga Aprilnetter og gav til saman ut tretten diktsamlingar på Fonna Forlag, Noregs Boklag og Grøndahl & Søn. Han var ein kunstnar til å formulere seg. Ofte tok han utgangspunkt i nære ting eller røynsler, som han gjorde til meir allmenne opplevingar gjennom dikta sine. Samlinga Mørkegangsdalen gav han ut i 1987, etter at ein av sønene hadde omkome i ei ulykke. Også det tapet var ei hending som han makta å omtale i lyriske vendingar.

Haganæs var aktiv i Oppland Forfatterlag og var med i bokkomiteen for antologien Oppland og forfatterne, som presenterte 29 av dei 36 medlemene i laget. Boka kom ut i samband med Dei olympiske vinterleikaneLillehammer i 1994. Haganæs gav òg ut ei novellesamling i 2002.

Jul Haganæs budde på Onstadmarken i Aurdal, garden der Knut Hamsun budde då han skreiv Victoria. Det var truleg noko av grunnen til at Haganæs skreiv biografien Nu god Nat, min Ven! om Knut Hamsun. Han skreiv elles fleire biografiar, mellom anna om Sigurd Lybeck, Ola Viker og bøker om krigshendingar i Valdres. Eit utval av dikta hans kom ut på islandsk i 1979 i boka Þakrennan syngur. Dikta hans er òg gjendikta til finsk, svensk og polsk. Som lyrikar brukte Haganæs nynorsk, medan han i sakprosabøkene brukte både nynorsk og bokmål.

Utmerkingar

Haganæs fekk Sunnmørsprisen for diktsamlinga Mørkegangsdalen frå 1987. Han fekk også kulturprisen til Nord-Aurdal kommune i 1998 for det litterære arbeidet sitt, og kulturprisen til Aurdal og Sørskogen Arbeiderlag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Oppland Forfatterlag: Hilsen fra Oppland. Et litterært tverrsnitt fra Bjørnson til Sandemo. Lillehammer 1991.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg