Faktaboks

Også kjend som

Hjukse, Hjuksebø

Innbyggjartal
276 (SSB, 2023)
Landareal
0,4 km²
Tettstadsnummer
3091 Hjukse

Hjuksevelta er ein tettstad i Notodden kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 276 innbyggjarar (2023).

Hjuksevelta ligg ved austsida av Heddalsvatnet. Like sør for tettstaden ligg Hjuksebø, der Bratsbergbanen greinar av frå Sørlandsbanen.

I 2020 vart grenda og tettstaden Hjukse overført frå Sauherad til Notodden kommune i samband med kommunereforma.

Namnet Hjukse kjem truleg av eit eldre elvenamn, Hjuksa, med uviss tyding; kan vere avleiing av norrønt hǫgg og siktar då til elveløpet gjennom trange juv.

Kart

Hjukse
Hjukse
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg