Gvarv

Artikkelstart

Gvarv er ein tettstad i Midt-Telemark kommune i Vestfold og Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,3 km², og har 1082 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
1082 (SSB, 2021)
Landareal
1,3 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
3093 Gvarv

Gvarv ligg 7 km aust for , ved Rv. 36 PorsgrunnSkienSeljord. Gvarv var ein stasjon på Sørlandsbanen.

Tettstaden har småindustri, mellom anna sagbruk. Her ligg Sagavoll folkehøgskule, som vart etablert i 1893 på Notodden, men som i 1914 flytta til Gvarv. Telemark Skogplanteskule er lokalisert i Gvarv.

Gvarv er kjent for høge sommartemperaturar og er eit sentrum for frukt- og bærproduksjon.

Namnet kjem truleg av norrønt hvarf, 'sving, krumning', brukt om neset der Bøelva renn ut i Norsjø.

Kart

Gvarv
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg