Helga Pedersen

Faktaboks

Helga Pedersen
Født
13. januar 1973, Sør-Varanger, Finnmark
Oppvaksen i Tana, Finnmark
Stortinget.
Helga Pedersen på ekstraordinært landsmøte 14. juni 2014, flankert av partisekretær Raymond Johansen og partileiar Jonas Gahr Støre. Foto: Johannes Dalen Giske. Tilgjengeleg på CC BY-ND 2.0.
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Helga Pedersen er tidlegare nestleiar i Arbeidarpartiet i 2007–2015 og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Finnmark i 2009–2017. Ho var den første statsråden med samisk bakgrunn i Noreg og den første samisktalande nestleiaren i Arbeidarpartiet.

Bakgrunn

Helga Pedersen er fødd i Sør-Varanger i Finnmark (no Troms og Finnmark) og voks opp i Tana i Finnmark (no Troms og Finnmark). Ho gjekk på Vadsø videregående skole i 1988–1989 og Lycée Alain Chartier i Bayeux i Frankrike i 1989–1992. Ho blei cand.mag. med mellomfag i russisk ved Universitetet i Bergen i 1993–1996 og tok mellomfag i historie ved Universitetet i Tromsø i 1996–1998.

Pedersen var lærar og assistent ved Boftsa skole i 1992–1993, førstekonsulent i utbyggingsetaten i Finnmark fylkeskommune i 1998–2000, prosjektmedarbeidar i GRID-Arendal i 2001–2002 og prosjektleiar i Tanafjordprosjektet i 2002–2003. Ho er sjøsame, og språket hennar er nordsamisk.

Politisk karriere

Pedersen var leiar av Tana AUF i 1992–1993, fylkessekretær i Finnmark AUF i 1997, medlem i 1998–2000 og leiar i 2000–2002 i Aps samepolitiske råd, og sekretær i 2001–2002 og leiar frå 2002 i Tana Ap. Pedersen var varamedlem av fylkestinget i Finnmark i 1999–2003 og fylkesordførar i Finnmark i 2003–2005.

Stortinget og regjering

Pedersen var personleg rådgivar i Nærings- og handelsdepartementet i 2001 for statsråd Grete Knudsen. Frå 2007 til 2015 var ho nestleiar i Arbeidarpartiet. Frå 2009 til 2017 var ho stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Finnmark og var parlamentarisk leiar frå 2009 til 2013. Ho var nestleiar i Kommunal- og forvaltningskomiteenStortinget i perioden 2013–2017. Ho var statsråd i regjeringa Stoltenberg II i Fiskeri- og kystdepartementet i 2005–2009.

Sametinget

Pedersen vart i 2016 valt til Arbeidarpartiets sametingspresidentkandidat for Sametingsvalet 2017, men trekte seg same år på grunn av konfliktar med Arbeidarpartiets Sametingsgruppe. Ho stilte ikkje attval til Stortinget i 2017 og flytta deretter tilbake til heimkommunen Tana. Frå 2019 er ho ordførar i Tana.

Utmerkingar

Pedersen blei æresborgar i fiskeværet Sørvær i Finnmark i 2008, fekk prisen Årets havfrue i 2008 av Kongelig Norsk Båtforbund og fekk WWF sin globale pris Leaders for a Living Planet i 2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg