Hans Herbjørnsrud

Faktaboks

Hans Herbjørnsrud
Født
2. januar 1938, Heddal
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Hans Herbjørnsrud er ein norsk forfattar. Han debuterte med novellesamlinga Vitner i 1979, og for den blei han tildelt Tarjei Vesaas debutantpris. I 1997 fekk han Kritikarprisen for Blinddøra. Han skriv ordrike, fantasifulle noveller og har danna ein eigen stil i den norske novelletradisjonen. Bøkene hans er omsett til ei rekkje språk.

Bakgrunn

Garden Herbjørnsrud 2005 Foto: Ottar Kaasa

Hans Herbjørnsrud er frå Heddal i Telemark. Han er utdanna lærar frå Kristiansand lærerhøgskole (1961) og er adjunkt med grunnfag i pedagogikk frå Statens spesiallærarhøgskole (1966) og i nordisk frå Oslo lærerhøgskole (1971). Han jobba som studieleiar ved Korrespondanseakademiet, som lærar ved Gudbrandsdalens folkehøgskule, ved Norsk Korrespondanseskole, og igjen på folkehøgskule i Orkdal før han i 1976 tok over familiegarden i Heddal. Sidan har han vore forfattar.

Forfattarskap

Herbjørnsrud debuterte med novellesamlinga Vitner i 1979 og har etter det gitt ut seks novellesamlingar. Blinddøra (1997) er eit av høgdepunkta i forfattarskapen, og i Brønnene, frå 2006, held Herbjørnsrud det same høge nivået. Samlede noveller kom ut i 2003, og i 2013 kom eit utval noveller med tittelen Her kan alt skje.

Heile forfattarskapen til Herbjørnsrud er knytt til heimstaden, men inviterer samstundes verda – både den litterære og den verkelege – inn på tunet: Han bruker røtene som venger, slik forfattaren sjølv har sagt det, og inviterer lesaren inn «På gamletun i Europa», som er tittelen på ei av novellene. Tematisk krinsar forteljingane ofte rundt identitetsproblematikk, og dei handlar gjerne om (sjølv)skaping i spennet mellom fantasi og røyndom. Mellom linjene i historiene frå gardslivet vrimlar det òg av litterære referansar – ikkje minst til hans eigen forfattarskap – og av referansar til det moralske samanbrotet i Europa under den andre verdskrigen.

Herbjørnsrud har òg vore involvert i musikalske samarbeid, ved fleire plateutgivingar. På «Arktis», av artisten Ihsahn, les Herbjørnsrud tekstar av Tor Ulven, og på «Short stories» av spelemannsvinnaren Anne Hytta er tekstane til Herbjørnsrud mellom dei viktige inspirasjonskjeldene.

Litterær rikdom, dobbeltgjengarmotiv og psykologi

Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Novellene til Herbjørnsrud er rike og varierte, og dei lèt seg ikkje fange i enkle vendingar. Han bruker fleire undersjangrar og utnyttar såleis breidda i novelleforma, til dømes ved å skrive brev-noveller, samtale-noveller og reine monologar. Sjølv om Herbjørnsrud skriv nær på eige liv – det indre livet så vel som livet på garden – er tekstane prega av både fantasirikdom og interesse for store litterære tema, mellom anna om sjølvet, om stadstilknyting, om historia og om grensene mellom dikting og røyndom.

Dobbeltgjengarmotivet er ein gjengangar i novellene. Fordoblinga av forteljaren eller hovudpersonen opnar ofte opp for ein identitetsproblematikk, som forfattaren utforskar frå ulike vinklar. Til dømes gjer han det ved å bruke sjølvbiografiske element i diktinga, og ved å leike med forfattaren og lesaren sine tilvande roller i den litterære teksten. Vi finn òg ei sterk interesse for psykologi hos Herbjørnsrud, og ikkje sjeldan synest personane å vere sine eigne verste fiendar. Novellene kan vere psykologisk og tematisk mørke, men i form og språk gjer Herbjørnsrud dette alvoret livleg og engasjerande.

Språkleg mangfald og historisk medvit

Sjølv har Herbjørnsrud fleire gonger omtalt novellene sine som «fiksjonaliserte sjølvbiografiar». Alf van der Hagen har på si side kalla stilen hans «bygdenorsk magisk realisme». Augeopnande språklege bilete og uventa fantastiske element tvingar seg fram, og metaforar og tankesprang blir fluktruter frå ein i utgangspunktet ganske streng realisme. Herbjørnsrud skriv altså personleg, sjølvbiografisk og litterært sjølvmedvite, men novellene hans er i høgaste grad òg historisk og moralsk medvitne. Som litteraturkritikaren Kaja Schjerven Mollerin skriv i boka si om forfattarskapen: «Det ville ikke være en overdrivelse å hevde at det er Europa, og ikke det indre Østlandet, som er Herbjørnsruds viktigste kontekst.»

Herbjørnsrud bruker både bokmål, nynorsk og dialekt i novellene sine, og han blandar forteljestilar så vel som språkstilar. Det er ein sjeldsynt språkleg rikdom i uttrykksmåtane og ordtilfanget hans, og han liknar få andre forfattarar. I Noreg er likevel Aksel Sandemose, Johan Borgen og Tarjei Vesaas tydelege førebilete, og internasjonalt er den argentinske forfattaren Jorge Luis Borges òg ei tydeleg kjelde til inspirasjon, saman med William Shakespeare. Sjølv er Herbjørnsrud blitt stildannar for ei eiga retning i norsk novellekunst, og han er til inspirasjon for forfattarar som ikkje søkjer mot til dømes Kjell Askildsen sin knappe og presise ordkunst, men heller mot ein meir ordrik og svulmande fantasifull kunst.

Prisar

Portrett av Hans Herbjørnsrud. Målarstykket Mentorens rite (2015) av Tor-Arne Moen.
Portrett av Hans Herbjørnsrud. Målarstykket Mentorens rite (2015) av Tor-Arne Moen
  • 1979 Tarjei Vesaas sin debutantpris for Vitner
  • 1987 Gyldendalprisen
  • 1993 Notodden kommunes kulturpris
  • 1997 Kritikarprisen for Blinddøra
  • 2005 Doblougprisen
  • 2005 Aschehougprisen
  • 2011 Telemark fylke sin kulturpris
  • Frå 2011 mottek han Staten sitt stipend til eldre fortente kunstnarar
  • I 1999 vart han nominert til den europeiske Aristeionprisen, og han har to gonger vori innstilt til Nordisk råd sin litteraturpris

I 2015 måla kunstnaren Tor-Arne Moen eit storslått portrett av Herbjørnsrud, med tittelen «Mentorens rite». Målarstykket, som fyller 2 x 3,5 m, vart kjøpt inn av Notodden kommune i 2017 og heng nå på biblioteket i Bok & Blueshuset.

Bibliografi

  • Vitner (Noveller, Gyldendal, 1979)
  • Vannbæreren (Noveller, Gyldendal, 1984)
  • Han (Noveller, Gyldendal, 1987)
  • Eks og Sett (Noveller, Gyldendal, 1992)
  • Blinddøra (Noveller, Gyldendal, 1997)
  • Vitner. Vannbæreren. Han (Noveller, Gyldendal, 1988). Samla utgåve av dei tre fyrste bøkene.
  • Vi vet så mye (Noveller, Gyldendal, 2001)
  • Samlede noveller (Gyldendal, 2003)
  • Brønnene (Noveller, Gyldendal, 2006)
  • Her kan alt skje. Noveller i utvalg (Gyldendal, 2013)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Frobenius, Nikolaj m.fl.: «'Jeg vil leve i verden som om jeg ikke levde i verden': Hans Herbjørnsrud intervjuet [...]» i Vinduet 52, nr. 1 (1998), 40-49
  • Hagen, Alf van der: Dialoger, b. 2: Åtte forfattersamtaler, 1996, 40-75, isbn 82-7094-716-4, Finn boken
  • Helland, Frode: «Hans Herbjørnsruds novellesamling Blinddøra» i NLÅ 1999, 134-49
  • Mollerin, Kaja Schjerven: Seks fot under. Et essay om Hans Herbjørnsruds forfatterskap. Oslo 2011
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998, isbn 82-02-15478-2, Finn boken

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg