Tor Ulven

Faktaboks

Tor Ulven
Født
14. november 1953, Oslo
Død
18. mai 1995, Oslo
Av /Gyldendal .

Artikkelstart

Tor Ulven var ein norsk forfattar som skreiv presist om både kvardagslege, eksistensielle og kosmiske emne. I både poesi og prosa er den eksistensielle pessimismen hans følgd av ein neddempa, svartsynt humor.

Bakgrunn

Tor Ulven var fødd i Oslo. Han gjekk Forsøksgymnaset, tok kranførarsertifikat og hadde ulike praktiske jobbar i ungdomstida. Etter debuten var han forfattar på heiltid. Han var svært mediesky og gav berre eitt intervju, til litteraturtidsskriftet Vagant i 1993. Han tok sitt eige liv i 1995.

Forfattarskapen

Lyrikk

Debutsamlinga Skyggen av urfuglen (1977) er påverka av surrealismen. I oppfølgjarane er denne påverknaden mindre klar. Etter oss, tegn (1980), Forsvinningspunkt (1981), Det tålmodige (1987) og Søppelsolen (1989) er alle høgst originale diktsamlingar, bygde opp rundt ei lågmælt, men likevel tydeleg diktarrøyst. Språket til Ulven er finstemt, detaljert og musikalsk, og arkeologiske leivningar er gjennomgåande motiv i dikta – til dømes knoklar, hovudskallar og ruinar. Desse motiva peikar òg mot nokre sentrale tema i Ulven sin forfattarskap: tid, død og forsvinning. Både tematisk og stilistisk kan han såleis minne om den rumenske diktaren Paul Celan. Ulven sitt diktunivers er mørkt og pessimistisk, men dikta hans er likevel ikkje fri for humor: «Livet er avlyst», heiter det til dømes i eit dikt. I 1996 kom Etterlatte dikt, og i 2000 kom Samlede dikt.

Prosa

Tor Ulven. Nei, ikke det : historier. Gyldendal. Oslo, 1990.
Bokomslag

Ulven er òg ein av dei viktigaste kortprosaforfattarane i nyare norsk litteratur. Han publiserte lyrisk prosa i Gravgaver (1988), Fortæring (1991) og Stein og speil (1995), og historier i Nei, ikke det (1990) og Vente og ikke se (1994). Avløsning (1993) er den einaste romanen han skreiv. Prosaen hans er poetisk, og materiell detaljfiksering er kombinert med eksistensielle og kosmiske perspektiv. Han skreiv ei eiga form for modernistisk realisme og hadde ei sjeldsynt evne til å skrive gåtefullt og glasklart, kryptisk og klarsynt på same tid. Ulven skreiv òg essay, utgitt i Essays (1997), og han gjendikta franske forfattarar som Claude Simon og René Char.

Nationaltheatret sette i 2008 opp teaterstykket En vanlig dag i helvete, som er basert på Tor Ulven sin forfatterskap.

Utmerkingar

Ulven fekk Gyldendals legat i 1987, Hartvig Kirans minnepris i 1990, Obstfelderprisen i 1993 og Doblougprisen i 1995.

Bibliografi

  • Skyggen av urfuglen (Dikt, 1977)
  • Etter oss, tegn (Dikt, 1980)
  • Forsvinningspunkt (Dikt, 1981)
  • Det tålmodige (Dikt, 1987)
  • Gravgaver (Prosa, 1988)
  • Søppelsolen (Dikt, 1989)
  • Nei, ikke det (Historier, 1990)
  • Fortæring (Prosastykker, 1991)
  • Avløsning (Roman, 1993)
  • Det verdiløse. Dikt i utvalg (Dikt, 1993)
  • Vente og ikke se (Historier, 1994)
  • Stein og Speil (Mixtum compositum, 1995) (posthumt)
  • Etterlatte dikt (Dikt, 1996) (posthumt)
  • Essays (Essay, 1997) (posthumt)
  • Samlede dikt (Dikt, 2000) (posthumt)
  • Prosa i samling (Prosa, 2001) (posthumt)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2012
  • Elisabeth Heggernes: «Realisme og underliggjøring i Tor Ulvens lyrikk og kortprosa». masteroppgåve. Universitetet i Bergen 2013
  • Janike Kampevold Larsen: «Etterord: Mørket i boken», i Tor Ulven: Prosa i samling. Oslo 2001
  • Henning Endrestad Svensson: «Tid og sansning. En stilistisk lesning av Tor Ulvens Avløsning», masteroppgåve. Universitetet i Oslo 2014

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg