Artikkelstart
Hallvard Ellestad Bergh var lærar, barnebokforfattar og folkeminnesamlar. Han skreiv både på dialekt, landsmål og riksmål.
Hallvard Arneson Ellestad Bergh
Hallvard Ellestad Bergh var lærar, barnebokforfattar og folkeminnesamlar. Han skreiv både på dialekt, landsmål og riksmål.
Hallvard Arneson Ellestad Bergh var fødd i Gol i Hallingdal i noverande Viken og døydde i Vestre Slidre i Oppland (no Innlandet). Han voks opp på garden Ellestad i Vestre Slidre. Han tok lærareksamen ved Lands lærarskule i 1867, var lærar i heimbygda eit år og drog så til USA. Der var han kyrkjesongar og lærar i Wisconsin eit par år, gjekk på Luther College i Decorah seks vintrar og heldt skule om somrane. I 1876 fekk han studenteksamen. Same hausten reiste han heim til Valdres. Frå 1878 til han søkte avskil i 1913, var han lærar i Høyne og Skjel krinsar i Lomen i Vestre Slidre.
Bergh tok tidleg til å samle folkeminne og gav ut fleire samlingar med eventyr, segner, ordtak, lokkar og gåter, dels på dialekt, dels på landsmål, dels på riksmål. I 1879 kom Sogur m.m. fraa Valdris og Hallingdal, i 1882 Nye Folke-Eventyr og Sagn fra Valdres og Hallingdal og i 1886 Nye Folke-Eventyr og Billeder fra Norge.
Han skreiv òg barnebøker, mellom anna Reise te versens ende (1889), som vart omsett til fleire språk, Hvorledes Maria sankede pengene (1889) og Fra fjord og lid og fjell. 10 forteljingar (1903). Forteljingane hans vart òg prenta i Norsk Barneblad.
Han gav ut diktsamlingane Idyllar fraa dei norske settlementa i Amerika (1915) og Norske dikt i utval (1916, under pseudonymet H. Høyne). I 1913 kom skodespelet Gjente-strid for eigin heim og egtemake.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.