Hagbart

Hagbart er eit mannsnamn som truleg går tilbake til eit tysk namn der Hag- svarer til hage (med den eldre tydinga ‘hamnehage’), men dette forleddet kan også knytast til adjektivet hag som tyder ‘dyktig’. Etterleddet -bart svarer til norrønt barð som tyder ‘skjegg’.

Namnet har fleire variantar: Hagbarth, Hagbard, Hagbart.

Personar med namnet Hagbart

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var verftsskrivar Hagbarth Falch fødd 1814 i Larvik.

Kulturell bruk

  • Adam Oehlenschläger tragedie «Hagbarth og Signe» (1815).

Kjende personar med namnet Hagbart

Eit utval personar med namnet Hagbart, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 260 menn (fødde i Noreg) som hadde Hagbart som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Hagbart i perioden 1900–2017, var det 60 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Hagbart. Dette inneber at 40 prosent hadde Hagbart som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].[/li][li]
  • Otterbjörk, Roland 1979: Svenska förnamn. Kortfattat namnlexikon. Skrifter utgivna av Svenska språknämnden. Tredje upplagan. Stockholm.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg