Gro er eit kvinnenamn som er laga med utgangspunkt i norrønt gróa som tyder ‘gro, vekse’.

Namnedag er 12. mars. Gregor har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Gro

Eit utval personar med namnet Gro, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 873 kvinner i Noreg som hadde Gro som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Gro var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. I tillegg til Gro – med topp 1970–1974 – gjeld dette til dømes Aud, Bjørg, Gerd, Gry, Gunn, Liv, Siv og Unn. Dei fleste har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1935–1974. I motsetning til Sonja, som vart eit kongeleg namn i 1968 då kronprins Harald gifta seg med Sonja Haraldsen, har ikkje førenamn på politikarar, til dømes Gro (Harlem Brundland), ført til auka popularitet. Heilt allment har kongelege personar og idrettsfolk gitt større utslag i namnepopularitet, til dømes Astrid, Ragnhild, Harald og Sonja – Hallgeir (Brenden) og Gjermund (Eggen).

Utvikling i bruk av namnet Gro frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Gro frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gro på 1800-talet.

Gro var klart mest brukt i Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gro på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Gro var klart mest brukt i Telemark.

Historisk bruk av namnet Gro
Historisk bruk av namnet Gro
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg