Faktaboks

Fjuken (avis)
Offisielt namn
SKJÅK MEDIAUTVIKLING AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Skjåk
Dagleg leiar
Hans Erik Kjosbakken
Styreleiar
Frank Emblem
Logo
Logo
Av .

Opplagstall for Fjuken, 1988–2023

1988 1100
1990 1480
1991 1592
1992 1921
1993 2045
1994 2341
1995 2413
1996 2423
1997 2570
1998 2832
1999 3387
2000 3623
2001 3748
2002 3727
2003 3883
2004 3914
2005 4024
2006 4109
2007 4173
2008 4075
2009 4001
2010 3927
2011 3963
2012 3921
2013 3855
2014 3676
2015 3674
2016 3571
2017 3619
2018 3861
2019 3879
2020 3855
2021 3810
2022 3805
2023 4124
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Fjuken (avis) er ei norsk lokalavis som kjem ut i Skjåk. Avisa kjem i papirutgåve kvar torsdag, og som dagleg oppdatert nettavis. Fjuken vart grunnlagt i 1989 og er eigd av Polaris Media og andre mindre aksjonærar. Fjuken dekkjer kommunane Lom, Skjåk og Vågå.

Fjuken er ei partipolitisk uavhengig avis. Ho har ein tydeleg nynorsk-profil og dekkjer mellom anna lokal kultur, næringsliv og idrett i Ottadalen. Mange av abonnentane er utflytta ottadølar som vil halde kontakten med heimbygda ved like.

Avisa produserer òg podkastar (Fjukpodden) og lokalfjernsyn (Fjuken-TV).

Fjuken er medlem i Landslaget for lokalaviser.

Digitalt

Fjuken kan lesast på alle digitale flater. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 6456 i tredje kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Eigarar

Det var framfor alt ei stor gruppe privatpersonar som i 1989 gjekk saman for å gje ut lokalavis for Ottadalen. Selskapet Skjåk Mediautvikling AS står framleis som offisiell eigar og utgjevar av Fjuken. Etter kvart kom Sunnmørsposten inn som dominerande eigar. I 2009 kjøpte Polaris Media Sunnmørsposten og kom dermed inn på eigarsida i lokalavisa. Den nye dominerande eigaren kjøpte med tid og stunder ut den eine private aksjonæren etter den andre og har (2024) rundt 82 prosent av aksjane i utgjevarselskapet.

Opplag

År Opplag
2000 3623
2005 4024
2010 3927
2015 3674
2020 3855
2021 3810
2022 3805
2023 4129

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Opplagstala er dei som vert rapportert til Mediebedriftenes Landsforening i andre halvår.

Fakta

  • Eigarselskapet Skjåk Mediautvikling AS vart skipa 22. februar 1989.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Fjuken (avis)
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg