Faktaboks

Christian Sørum

Christian Sandlie Sørum

Fødd
3. desember 1995
Anders Mol og Christian Sørum
Sørum og Mol i Sveits sommaren 2018, nokre dagar før EM. Duoen vann både EM-gull og verdsseriefinalen i 2018. Mol til venstre, Sørum til høgre.

Christian Sørum er ein norsk volleyballspelar frå Rælingen. Han og lagkameraten Anders Mol utgjer det mestvinnande norske laget i verdsserien i sandvolleyball. Dei slo gjennom og etablerte seg i den absolutte verdseliten i 2018. Tre år seinare debuterte dei i OL i Tokyo, der dei vann gull. Dette var Norges første OL-medalje i volleyball. Duoen vann òg VM-gull i 2022, verdsseriefinalen i 2018, 2021 og 2022 og EM-gull både i 2018, 2019, 2020 og 2021.

Karriere

Christian Sørum spelte som gutunge også fotball på heimstaden Rælingen, men han valde som trettenåring å satse på sandvolleyball. Han hadde fleire ulike lagkameratar før han og Anders Mol fann kvarandre i 2016.

Sørum tok gull i junior-EM saman med Runar Sannarnes i 2014, før det vart eit nytt gull i junior-EM med Mol som makker i 2016.

Allereie same året kom Sørum og Mol til kvartfinalen i Major-turneringa i Klagenfurt. I 2017 kom duoen på niandeplass i Major-turneringane i Gstaad og Poreč.

I 2018 fekk Sørum og Mol det store gjennombrotet i verdseliten. I juli gjekk dei først til topps i femstjernersturneringa i Gstaad, før dei veka etter vann EM i Nederland. Her gjekk dei gjennom meisterskapen utan å tape ein einaste kamp. I finalen slo dei Latvia 2–0. Det var det første norske EM-gullet i sandvolleyball sidan 1997.

I august vann dei nok ei prestisjefylt turnering, då dei gjekk til topps i masterturneringa i Wien. Dei vart også rangerte som det beste laget i verda på verdsrankingen.

Seinare same månaden vann dei si fjerde strake turnering og sigra i verdsseriefinalen i Hamburg. Nordmennene vann 2–0 over Polen i finalen. Sørum vart etter sesongen kåra til årets forsvarsspelar av verdas internasjonale volleyballforbund.

I 2019 deltok Sørum og Mol for første gong i VM. Duoen tok bronsemedalje i debuten etter å ha slege amerikanske Bourne/Crabb 21–15 og 15–10 i bronsefinalen. Seinare tok dei EM-gull for andre året på rad. Dei passerte og Jan Kvalheim og Bjørn Maaseide som mestvinnande norske par i verdsserien, då dei tok sin åttande triumf med siger i Gstaad. Sørum vart i desember 2019 kåra til den beste forsvarsspelaren i verda for andre året på rad.

Store delar av 2020-sesongen vart avlyst på grunn av koronakrisa, men Sørum og Mol avslutta sesongen med å ta sin tredje EM-tittel på rad. Duoen slo dei regjerande verdsmeistrane Oleg Stoyanovskij og Vjatsjeslav Krasilnikov 2-0 i finalen.

OL-gull i Tokyo

I april 2021 var paret tilbake i si første turnering i verdsserien på eitt og eit halvt år. Nordmennene vann turneringa i Cancún i Mexico, etter at dei slo Cherif Samba og Ahmed Tijan frå Qatar 2–0 i finalen. Dei vann og den påfølgjande turneringa same stad.

Under oppkøyringa mot OL i Tokyo leverte dei derimot svakare resultat. Dei siste tre turneringane før leikane skulle starte, kom ikkje Mol og Sørum på sigerspallen – med ein 17. plass i Sochi som den svakaste plasseringa. Det var difor knytt ei viss spenning til kva gullkandidatane kunne få til i sjølve OL.

I opningskampen tok nordmennene ein knapp siger med 2–1 over Australia. Dei heldt fram med 2–0 over Spania, før eit tap for russiske Semenov og Lesjukov gjorde at det vart andreplass i pulja. Motstanden i åttandedelsfinalen vart tøffare enn han ville ha vore med puljesiger, men Mol og Sørum byrja å få dreis på spelet og vann 2–0 over Nederland. Spenninga var stor framfor kvartfinalen, der nordmennene møtte Semenov og Lesjukov, som dei tapte mot i puljefinalen nokre dagar før. Men også her viste det norsk paret solide takter og tok seg vidare til semifinalen med siger i to strake sett.

I semifinalen spelte Mol og Sørum opp mot sitt beste. Dei utklassa Latvia med komfortable 2–0. I den andre semifinalen sikra russiske Krasilnikov og Stojanovskij seg finalebillett etter 2–0 mot Qatar.

Russarane kom best i gang i finalen og var oppe i 4–8, før Mol og Sørum kom meir med i kampen. Dei vann det første settet 21–17 etter sterkt spel i blokk og forsvar. Det andre settet vart jamnare frå start, før nordmennene drog i frå og vann 21–18. OL-gullet var den første norske medaljen i olympisk volleyball til Norge nokon gong.

Åtte dagar seinare vann Mol og Sørum gull i EM for fjerde gong på rad, etter siger mot nederlandske Boermans og de Groot i finalen. I oktober avslutta dei sesongen 2021 med å vinne verdsseriefinalen med 2–0 over tsjekkiske Ondrej Perusic og David Schweiner.

Verdsmeistrar for første gong

Mol og Sørum hadde enno ikkje vunne VM, men var favorittar til å vinne gull då VM byrja i Roma i juni 2022. Og trass ryggproblem for Christian Sørum, spelte duoen sitt kanskje beste meisterskap. På vegen mot VM-tittelen tapte dei berre eitt einaste sett, og i finalen vann Mol og Sørum 2–0 (21–15 og 21–16 i sett) over brasilianske Renato og Vitor Felipe.

Det var første gong eit norsk lag hadde vunne VM-gull i sandvolleyball. VM-gullet var dessutan den siste internasjonale tittelen Mol og Sørum mangla i premiesamlinga. Det norske paret har vunne verdsserien, EM, VM og OL.

I august same året vart Christian Sørum og lagkameratane på Beachvolley Vikings historiske igjen, då dei utgjorde Noreg sitt lag i Beach Nations Cup – eit europameisterskap for lag. Noreg gjekk heilt til topps i den nye turneringa. På laget spelte også Anders Mol, Mathias Berntsen og Hendrik Mol.

Seinare i månaden tok Christian Sørum og Anders Mol bronsemedalje i EM, etter at dei tapte i semifinalen mot Sverige. Det var første gong dei firedoble tittelforsvararane ikkje var i finalen på fem år. I bronsefinalen kom nordmennene sterkt tilbake og slo Polen 2–0.

Saman med Mol vann Sørum i september 2022 det aller første europameisterskapet i «King of the court» i Utrecht. Dei vart deretter kåra til årets lag av det europeiske volleyballforbundet (CEV). I november vann det norske paret sin 21. strake finale på toppnivå, då dei gjekk sigrande ut av verdsserieturneringa i Cape Town i Sør-Afrika.

Sørum og Mol avslutta 2022-sesongen med å slå Polen og vinne den avsluttande verdsseriefinalen i Qatar. Det var tredje gongen den norske duoen vann finalen.

Ved utgangen av 2022-sesongen var Mol og Sørum i tillegg regjerande meistrar i VM og OL. Det naturlege målet for sesongen var å ta eit nytt VM-gull, men duoen rauk ut av turneringa i Mexico etter tap mot Tsjekkia i kvartfinalen.

I 2023-sesongen var Mol og Sørum på sigerspallen i alle World Tour-turneringane dei stilte opp i. Dei sikra seg og fleire nye finalesigrar. Det gjekk derimot tyngre i dei internasjonale meisterskapa, der det store målet var å ta VM-gull i Mexico, men duoen rauk ut i kvartfinalen både i EM og VM. Sesongen vart avslutta med andreplass i finalerunden av verdsserien i desember. Nordmennene tapte finalen mot svenske Åhman/Hellvig.

Beachvolley Vikings

Duoen Mol og Sørum er ein del av treningsgruppa Beachvolley Vikings, som også består av Mathias Berntsen og Mols storebror Hendrik Mol. Trenar for satsingsgruppa var lenge Mol-brørnes far, tidlegare landslagsspelar Kåre Mol. Frå 2022 tok assistenttrenar Jetmund Berntsen, far til Mathias Berntsen og onkel til Anders Berntsen Mol, over som hovudtrenar. Mol-brørnes mor, Merita Berntsen Mol, er sjølv tidlegare sandvolleyballspelar og OL-deltakar. Ho er mentaltrenar for duoen Mol og Sørum.

Merittar

  • Olympisk meister 2021
  • Verdsmeister 2022
  • Europameister 2018, 2019, 2020 og 2021
  • Vinnar av verdsseriefinalen 2018, 2021 og 2022
  • Fleire sigrar i verdsserien
  • Europameister for lag 2022
  • Europameister i «king of the court» i 2022
  • Bronse i VM 2019
  • Bronse i EM 2022
  • Årets lag på Idrettsgallaen 2020, 2022 og 2023
  • Årets lag i Europa 2021 og 2022
  • To EM-gull for juniorar

Sigrar i verdsserien, stad og dato

  • Gstaad, 14. juli 2018
  • Wien, 5. august 2018
  • Hamburg, 18. august 2018
  • Las Vegas, 21. oktober 2018
  • Itapema, 19. mai 2019
  • Jinjiang, 26. mai 2019
  • Ostrava, 2. juni 2019
  • Gstaad, 13. juli 2019
  • Tokyo, 28. juli 2019
  • Wien, 4. august 2019
  • Cancún, 20. april 2021
  • Cancún, 26. april 2021
  • Cagliari, 10. oktober 2021
  • Ostrava, 29. mai 2022
  • Paris, 2. oktober 2022
  • Cape Town, 6. november 2022
  • Doha, 29. januar 2023
  • Doha, 5. februar 2023
  • Ostrava, 4. juni 2023
  • Montreal, 30. juli 2023

Heidersteikn

Christian Sørum vart tildelt prisen for årets lag saman med Anders Mol på Idrettsgallaen i 2020, 2022 og 2023. Prisen var for innsats og prestasjonar dei føregåande åra.

Klubbar innandørs

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg