Atle Hansen

Faktaboks

Atle Hansen
Født
18. november 1954, Mosterhamn
Atle Hansen
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Atle Hansen er ein norsk barne- og ungdomsbokforfattar, musikar og journalist. Han har også gitt ut romanar for vaksne.

Bakgrunn

Hansen har studert litteraturvitskap, teatervitskap og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Han starta karrieren sin som visesongar og musikar på 1970- og 1980-talet. Sjølv om han primært jobba som journalist i ein tiårsperiode frå slutten av 80-talet og fram til forfattardebuten sin i 1997, har han heile tida hatt ulike musikalske prosjekt ved sida av den litterære karrieren sin. Forfattaren var initiativtakar til barnebokfestivalen Falturiltu på heimstaden Stord.

Barne- og ungdomsbøker

Hansen debuterte som forfattar i 1997 på J.W. Cappelens Forlag med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. Denne hadde to følgjer opp, Den nihala katten (1998), og Skatten (2000), og alle tre var illustrerte av Elisabeth Moseng. Forlaget har seinare gitt ut to av Hansens lettlestbøker. Hovuddelen av det barnelitterære forforfattarskapen til Hansen er gitt ut på Det Norske Samlaget. Den første utgivinga var Pelle Parakitt (1999), og den førebels siste av i alt elleve utgivingar, er Klure (2018).

Eit fleirtal av Hansens bøker for barn og unge kan karakteriserast som lettlesne spenningsbøker, men det er berre dei tre seriebøkene Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007) og Fangar i natta (2008) som reindyrkar denne sjangeren. Hansen tematiserer utanforskap, fordommar og relasjonen mellom barn og vaksen i bøkene sine, og han gjer det i eit rytmisk og nøkternt språk.

Romanar for vaksne

I 2003 debuterte Hansen med sin første roman for vaksne. Sargasso er ei kjærleikshistorie plassert på Vestlandet i etterkrigstida. Han har seinare komme med fire utgivingar for vaksne på ulike forlag: Oppvekstromanen Som ein engel (2005) på Det Norske Samlaget, reiselektyren Definitivt hjarte ess (2009) på Baskerville, og dei to romanane Syng meg heim! (2012) og Maria Møy (2018) på Wigestrand Forlag.

Musikk

Hansen starta med musikk i tenåra, har spelt i ei rekkje ulike band, skrive teater- og filmmusikk, og i 1985 gav han ut vinyl-EP-en Trøysteslaus Hotell saman med Ragnar Hovland. Sidan 1990-talet har han gitt ut CD-ene Blå måne (1995) og Mast utan skip (2007), og dessutan ei rekkje singlar. Han er først og fremst visesongar, men musikken hans har også slektskap med rock, jazz, blues og country. Han bruker ofte tekstar av andre forfattarar.

Utmerkingar

I 1996 fekk Hansen Vinjeprisen for arbeidet sitt som journalist i avisa Sunnhordland. For ungdomsboka Flukt fekk han Ordknappen i 2013. Han har vore nominert til Bokslukerprisen tre gonger, og éin gong til Arkprisen. I 2020 var han festivalforfattar på Falturiltu.

Utgjevingar

  • Alexander er forelska i Live (Roman, Samlaget, 2021)
  • Eg har venta på deg (Roman, Samlaget, 2020)
  • Maria Møy (Roman, Wigestrand Forlag, 2018)
  • Klure (Barnebok, Samlaget, 2018)
  • Apetryne (Barnebok, Samlaget, 2017)
  • Svartedalen (Ungdomsbok, Samlaget, 2015)
  • Flukt (Roman, Samlaget, 2013)
  • Syng meg heim! (Roman, Wigestrand Forlag, 2012)
  • Amanda sin medisin (Barnebok, Cappelen Damm, 2012)
  • Definitivt hjerter ess (Dokumentar og historie, Baskerville, 2009)
  • Den svarte oksen (Roman, Samlaget, 2009)
  • Fangar i natta (Roman, Samlaget, 2008)
  • Skatten i skutevika (Roman, Samlaget, 2007)
  • Det kvite pulveret (Barnebok, Samlaget, 2006)
  • Gull og edelsteinar (Barnebok, Cappelen, 2005)
  • Som ein engell (Roman, Samlaget, 2005)
  • Ulvestova (Barnebok, Samlaget, 2004)
  • Sargasso (Roman, Samlaget, 2003)
  • Heksa (Barnebok, Samlaget, 2001)
  • Skatten. Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill (Barnebok, Cappelen, 2000)
  • Pelle Parakittt (Barnebok, Samlaget, 1999)
  • Den nihala katten. (Barnebok, Cappelen, 1998)
  • Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. (Barnebok, Cappelen, 1997)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg