Aslak Sira Myhre

Faktaboks

Aslak Sira Myhre
Født
28. mai 1973, Stavanger, Rogaland
Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre

Aslak Sira Myhre er ein norsk kommentator, forfattar, kulturleiar og politikar som frå 2014 er nasjonalbibliotekar (direktør for Nasjonalbiblioteket).

Han har tidlegare vore leiar for Raud Valallianse (no Raudt) og for Foreininga !les og Litteraturhuset i Oslo. Forfatterskapen hans handlar mellom anna om politikk og fotball.

Bakgrunn

Aslak Sira Myhre er fødd i Stavanger i Rogaland. Han gjekk på Stavanger katedralskole i 1989–1992 og studerte historie og sosialantropologi ved Universitetet i Bergen i 1993–1996.

Karriere

Frå 1997 til 2003 var Sira Myhre partileiar i Raud Valallianse, og i 2003–2006 var han dagleg leiar i Foreininga !les. Frå 2006 til 2014 var han dagleg leiar for Litteraturhuset i Oslo, og i 2014 blei han utnemnd til direktør ved Nasjonalbiblioteket.

Politisk karriere

Sira Myhre var politisk aktiv på venstresida i ei årrekkje, nekta å gjennomføre førstegongstenesta og tok saka gjennom rettssystemet og fekk domsutsetjing. Han tok aktivt del i studentaksjonar ved Universitetet i Bergen og i sivil ulydnad i midten av 1990-åra. Sira Myhre var leiar av Bergen Raud Valallianse (RV), bystyrerepresentant for RV (no Raudt) i Stavanger 1999–2003 og partileiar for RV i 1997–2003. Som politikar var han ein grundig og eminent debattant. Han la vekt på klassedimensjonen i politikken og kritiserte venstresida for å ta for lett på problematikken med økonomisk vekst.

Litterær karriere

Han har gitt ut fleire bøker om politikk og fotball. I 2006 kom En faktahest om politikk, og same året kom fotballboka En god dag for fotball. Den politiske essaysamlinga Herskap og tjenere kom i 2010, og Hjemmakamp (2013) handlar om fotballklubben Viking. Sira Myhre har òg skrive for mange aviser og tidsskrift, mellom anna Stavanger Aftenblad, Klassekampen, Dagbladet, Dagsavisen, Samtiden, Aftonbladet og Washington Post, og han har vore ekspertkommentator for fotballsendingane til NRK. Kommentarane hans til 22. juli 2011 er blitt omsette til meir enn tjue språk.

Verv og anna engasjement

Han var leiar for styret ved Stavanger katedralskole i 1991–1992 og styremedlem ved Universitetet i Bergen i 1996–1997. Han fekk Eckbos legaters kulturpris i 2008 for arbeidet sitt i Foreininga !les og på Litteraturhuset.

Familie

Aslak Sira Myhre er gift med Cathrine Sandnes.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg