Cathrine Sandnes

Faktaboks

Cathrine Sandnes
Født
19. mars 1972, Seoul, Sør-Korea
Cathrine Sandnes - promobilde
Av /Manifest forlag.

Artikkelstart

Cathrine Sandnes er ein norsk redaktør, journalist og forfattar. Ho har markert seg i kultur- og samfunnsdebatten som skribent, redaktør og leiar for tankesmia Manifest. Ho har vore norgesmeister i karate 13 gonger. Frå 2019 er ho sjefredaktør i J. M. Stenersens forlag.

Bakgrunn

Cathrine Sandnes voks opp i Røyken i Buskerud. Ho tok mellomfag i litteraturvitskap i 1992 og i nordisk i 1998, begge ved Universitetet i Oslo.

Journalist og avisredaktør

I 1990-åra arbeidde Sandnes òg som journalist, mellom anna i Natt&Dag, Morgenbladet og Arbeiderbladet (no Dagsavisen). Ho var kulturredaktør i Dagsavisen frå 1998 til 2000 og seinare frå 2002 til 2005.

I 1999 var Sandnes medredaktør for boka Matriark. Nesten sanne historier om å være kvinne saman med Beate Nossum og Christina Smith-Erichsen. I 2002 skreiv ho ei bok om fotball-VM i Sør-Korea og Japan med tittelen Fotball-VM 2002. Reisen østover.

Samtiden

I 2006 byrja ho som redaktør for tidsskriftet Samtiden, som blei kåra til årets tidsskrift året etter. Der var ho til 2014.

Frå 2009 til 2013 sat Sandnes i stemmerettskomiteen som planla og gjennomførte stemmerettsjubileet i 2013. Ho har vore spaltist i Kvinner og klær og Dagbladet, og litteraturkritikar i Aftenposten.

Forlagsredaktør

I 2014 tok ho til som leiar for Manifest senter for samfunnsanalyse og som dagleg leiar for Manifest forlag.

Ho var redaktør for sakprosa i Gyldendal forlag frå 2017 til 2019, då ho gjekk til J. M. Stenersens Forlag der ho blei sjefredaktør.

Kickboksing

Sandnes har vore noregsmeister i karate 13 gonger, og under EM i Finland i 1994 tok ho bronsemedalje i kickboksing.

Familie

Cathrine Sandnes er gift med nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre

Utmerkingar

  • Sandnes fekk «Gullpennen» av Riksmålsforbundet i 2004.

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg