Dobbel-s i versalar (store bokstavar) og minusklar (små bokstavar)
Dobbel-s i versalar (store bokstavar) og minusklar (små bokstavar)
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Eksempel på bruk av tz- og ss-ligaturar i gatenamnet Güntzelstraße
ß vart til som ei samanskriving (ligatur) av bokstavane sz (gamal form ſʒ) og ss (gamal form ſs). I eksempelet gatenamnet Güntzelstrasse, med ligatur tz og ss i trykkskrift, i handskrift berre ss.
Eksempel på bruk av tz- og ss-ligaturar i gatenamnet Güntzelstraße
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Dobbel-s (ẞ, ß) er ein latinsk bokstav som berre blir brukt i tysk i Tyskland. Bokstaven ß vert ikkje lenger brukt i Sveits og Liechtenstein, der ein skriv ss i staden.

Faktaboks

Også kjend som

dobbel s, tysk s; tysk: Eszett, scharfes S.

På tysk heiter bokstaven Eszett 's-z' (mest i Midt- og Nord-Tyskland) eller scharfes S 'skarp s' (sør i Tyskland, i Austerrike, Aust-Sveits, Belgia, Sør-Tyrol og resten av det tysktalande området)

Bokstaven ß vart til som ei samanskriving (ligatur) av bokstavane s og z (ſ og ʒ i eldre rettskriving) i gotisk skrift (fraktur) og ss (ſ og s i eldre rettskriving) i antikvaskrift, og må ikkje forvekslast men den greske bokstaven β, minuskel («liten») beta, som står for ein v- eller b-lyd (høvesvis i moderne gresk, IPA-lydskrift: β og i gamalgresk, IPA-lydskrift: b). Trass i at dei to bokstavane ß (i kursiv: ß) og β liknar på kvarandre, er likskapen berre tilfeldig, og det finst ingen samanheng mellom dei.

Tradisjonelt fanst ß berre som minuskel og hadde ingen majuskelform (versal eller «stor» bokstav). I ord skrivne heilt med versalar nytta ein i staden minuskel ß eller SS, og eventuelt SZ dersom det var fare for forveksling. Majuskelforma ẞ vart offisielt innførd i 2017.

Ein brukar ß til å gje att den ustemde s-lyden (IPA-lydskrift: s) etter lang vokal eller diftong.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg