Faktaboks

Åsta Holth
Fødd
13. februar 1904, Grue, Hedmark
Død
16. mars 1999, Kongsvinger, Hedmark
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Skomakar Aksel Holth (1853–1930) og sydame Olea Skaslien (Plathe) (1870–1953).

Gift 11.8.1951 med skogsarbeidar Per Vestlien (19.9.1904–2.11.1981), son til småbrukar og skogsarbeidar Kador Knutsen Tyskeberget (1859–1924) og Marie Eberhardtsdotter (1868–1923).

Åsta Holth

Foto 1978

Åsta Holth
Av /NTB Scanpix ※.

Åsta Holth var ein norsk forfattar og forkjempar for skogfinnekulturen.

Bakgrunn

Åsta Holth ætta frå skogfinske innvandrarar. Av skulegang hadde ho framhaldskule, hagebruksskule, kurs i teikning og tre månader ved Nordisk Folkehøgskule i Genève. Ho arbeidde som hushjelp i Oslo, skreiv dikt, skodespel og noveller i vekeblad, før ho slo igjennom med romanen Kornet og freden (1955). Ho hadde då flytta heim til Grue att, hadde bygd seg hus og hadde gifta seg med Per Vestlien.

Forfattarskap

Holth debuterte i 1944 med novellesamlinga Gamle bygdevegen. Ho publiserte i alt 20 bøker. Mest kjende er dei to trilogiane som er baserte på fars- og morsslekta hennar. Finnskog-trilogien (om farsslekta) med Kornet og freden (1955), Steinen blømer (1963) og Kapellet (1967) skildrar med sterk innleving tilværet til den finske innflyttarbefolkninga frå midten av 1600-talet til midten av 1800-talet. Trilogien om Plate-slekta, morsslekta, blir innleiia av Gullsmeden (1958), og i Presten (1971) og Johannes (1975) er handlinga òg lagt til Finnskogane.

Som 75-åring skreiv Holth Piga (1979), der ho bruker sjølvbiografisk stoff. Livserfaring og modning pregar også diktsamlinga Ei minnebok (1982) og romanane Fattigmanns kokebok (1984) og Volva (1987). Den vesle romanen Den blå hesten (1990) kan vi lese som Holths feministiske testament.

Skogfinsk kultur

Åsta Holth var oppteken av røtene og arbeidde hardt for å gjenskape den skogfinske kulturen. Finnskogbunaden skapte ho på grunnlag av grundige studium av gamle folkedrakter. I 1970 tok ho initiativ til den årlege kulturfestivalen Finnskogdagene. Under arrangementet blir Finnskogane utropt som «sjølvstendig republikk» for tre dagar, og her var Holth «president» så lenge ho levde.

Utmerkingar

Holth hadde kunstnarstipend i ei årrekkje, og ho fekk mellom anna Gyldendals legat (1963), Språklig samlings litteraturpris (1964) Doblougprisen (1977), Kongens fortenestemedalje i gull (1984), Norsk-finsk kulturpris (19929, Den kvite roseordenen (1994) og Hedmark fylkeskommunale kulturpris (1995). I 1994 vart ho utnemnd til Riddar av 1.klasse av Finlands løves orden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gjems, Sven R., red.: Åsta i våre hjerter: utgitt i anledning Åsta Holths 100-årsminne, 2003
  • Brenden, Randi: «Kvifor les vi Åsta Holths tekstar i dag?», Norsk litterær årbok 2003, 156-[165]
  • Brenden, Randi: Åsta Holth. Feminist og postkolonialist. Akademisk avhandling, Helsingfors Universitet 2013

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg