Hegguraksla

Overvåkningsutstyr på Hegguraksla varsler om endringer i fjellet.

Hegguraksla
Av /NVE.
Hegguraksla
Hegguraksla
Av /NVE.

Hegguraksla er eit fjellparti som høyrer til Blåfjellet (1602 moh.) på austsida av Tafjorden i Fjord kommune i Møre og Romsdal. Fjellsida til Hegguraksla er av Noregs vassdrags– og energidirektorat definert som eit høgrisikoobjekt for stort fjellskred.

Hegguraksla ligg 7 km nordvest for Tafjord og 64 km aust-søraust for Ålesund. Fjellsida ligg om lag ein kilometer frå fjellpartiet som raste ut og førde til Tafjordulukka i 1934.

Fjellsida har to store, ustabile fjellblokker 700–800 meter rett over fjorden. Kvar av desse blokkene er avgrensa av djupe, vertikale sprekkar. Blokkene kan utløyse fjellskred med opptil 1–2 millionar kubikkmeter stein som kan rase ned i fjorden. I tillegg vil blokkene kunne ta med seg ura i fjellsida dersom dei fell ned. Slike skred kan føre til flodbølgjer mot bygdene i Tafjorden og Norddalsfjorden. Flodbølgjene vil truleg bli like store eller noko mindre enn i 1934.

Overvakinga i dag skjer blant anna med bakkebasert radar mot reflektorar, elektronisk vater (tiltmeter), og strekkstag.

Berggrunnen består av gneis med ei generell lagdeling (foliasjon) som stuper ned skråninga. Biotittrike lag i gneisen har ofte nedknuste soner og svake soner er observert nede ved fjorden.

Fjell under kontinuerleg skredovervaking

Fleire ustabile fjellparti med potensial til å utvikle seg til fjellskred er under kontinuerleg overvaking i Noreg i dag. Nokre av desse er Åkneset og Mannen i Møre og Romsdal og Nordnesfjellet i Troms.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er frå 2015 ansvarleg for overvaking av desse fjellpartia.

Kart

Hegguraksla
Hegguraksla
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg