Eskimoisk-aleutisk er ein familie av språk som blir tala på Grønland, i dei arktiske delane av Nord-Amerika (i Canada og Alaska) og i Tsjukotka autonome område lengst aust i Sibir i Russland. Språkfamilien har to hovudgreiner, eskimoisk og aleutisk.

Faktaboks

Uttale
eskimˈoisk-aleˈutisk

Ein reknar med at eskimoisk og aleutisk skilde lag for kring 4000 år sidan.

Det eskimoisk-aleutiske språkområdet. Tala viser kvar dei ulike språka blir tala:

  • aleutisk: 1
  • jupik: 2–3–4
  • iñupiaq: 5
  • inuvialuktun: 6–7-8-9
  • inuktut: 10
  • grønlandsk: 11–12–13
/Store norske leksikon ※.

Aleutisk

I den aleutiske greina finn vi eitt språk, aleutisk (Unangam Tunuu), som blir snakka av om lag 100 menneske på øygruppa Aleutane, som ligg utanfor det sørvestlege Alaska, i USA og Russland. Språket blir skrive med det latinske og det kyrilliske alfabetet.

Den norske språkforskaren Knut Bergsland (1914–1998) gjorde ein viktig innsats i utforskinga av aleutisk i samarbeid med den aleutiske læraren Moses L. Dirks frå øya Atka; jamfør bøkene Aleut Dictionary / Unangam Tunudgusii: an unabridged lexicon of the Aleutian, Pribilof, and Commander Islands Aleut language (Fairbanks 1994) og Aleut Grammar / Unangam Tunuganaan Achixaasix̂ (Fairbanks 1997).

Eskimoisk

Den eskimoiske greina har to undergrupper, den austlege inuittisk og den vestlege jupik. Dei to gruppene skilde lag for kring 1000 år sidan.

Inuittisk – austleg grein

Inuit er eit dialektkontinuum som strekkjer seg frå Alaska via Canada til Grønland. Det er vanleg å dele dette kontinuumet i fire språk, på grunnlag av administrative grenser:

  1. iñupiak i Alaska, med om lag 14 000 talarar. Språket blir skrive med det latinske alfabetet.
  2. inuvialuktun i Northwest Territories i Canada, med om lag 600–1000 talarar. Språket blir skrive med det latinske alfabetet og med kanadisk stavingsskrift.
  3. inuktut i Nunavut i Canada, med om lag 36 000 talarar. Språket blir skrive med kanadisk stavingsskrift og det latinske alfabetet.
  4. grønlandsk på Grønland, med om lag 50 000 talarar. Språket blir skrive med det latinske alfabetet.

Det finst to hovudvariantar av inuktut: inuktitut (35 000 talarar) og inuinnaqtun (1300 talarar).

Jupik – vestleg grein

Gruppa jupik består av fem språk:

  1. Stillehavs-jupik (alutiiq) i det sørvestlege Alaska, med 500–1000 talarar. Språket blir skrive med det latinske alfabetet.
  2. Alaska-jupik (yup'ik) i Vest-Alaska, med nærmare 20 000 talarar. Språket blir skrive med det latinske alfabetet.
  3. naukisk jupik (nuvuqaghmiistun) på Tsjuktsjarhalvøya lengst aust i Sibir, med om lag 70 talarar. Språket blir skrive med det kyrilliske alfabetet.
  4. sibirsk jupik (yuit, juk), med om lag 200 talarar på kysten av Tsjukotka autonome område i Russland og om lag 1000 talarar på St. Lawrence-øya (som ligg i Beringhavet og høyrer til Alaska). Språket blir skrive med det kyrilliske alfabetet i Russland og det latinske alfabetet i USA.
  5. Sirenik, eit utdøytt språk som fram til 1990-talet blei snakka på Tsjuktsjarhalvøya.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg