Finse
Finse i sol
Finse stasjon
Finse stasjon, truleg ein gong i 1920-åra.
Av /Riksantikvaren.
Lisens: CC BY 2.0

Finse er den høgstliggjande jernbanestasjonen både på Bergensbanen og på jernbanenettet i Noreg elles, 1222 meter over havet. Finse ligg ved Finsevatnet (1215–1212 meter over havet) i Ulvik kommune i Vestland fylke, 302 kilometer frå Oslo og 190 kilometer frå Bergen. I området Finse/Hallingskeid er det seks fastbuande (2021).

Turisme

Finse er ein stor turiststad både sommar og vinter og eit viktig utgangspunkt for ei rekkje varda ruter i dei omliggjande fjelltraktene, Hardangervidda i sør og Skarvheimen med Hallingskarvet i nord. Viktige ledd i turisttrafikken på Finse er elles sykkelturar på Rallarvegen, det årlege 17. mai-toget til Hardangerjøkulen og vandringar på breen. Finse er også startstaden for det årlege Skarverennet frå Finse til Ustaoset.

Ved Finse stasjon står ein bautastein til minne om polarforskaren Robert Falcon Scott, som prøvde utstyret sitt på Finse/Hardangerjøkulen før sørpolferda i 1911–1912. Rallarmuseet, som er eit spesialmuseum om bygginga av høgfjellsstrekninga på Bergensbanen, held til på jernbanestasjonen. Finse fjellstove, som blei bygd som sikringsbu då Bergensbanen opna i 1909, har seinare blitt hotell, og frå 1980 heiter det Finse 1222. Ved Finsevatnet like søraust for stasjonen ligg Finsehytta, som tilhøyrer Den Norske Turistforening.

Like vest for stasjonen er munningen av Finsetunnelen (10 300 meter) som fra 2022 er den femte lengste jernbanetunnelen i landet.

Namnet

Førsteleddet i namnet Finse er truleg norrønt firn som tyder 'øydemark, villmark' og endinga sær som i denne samanhengen tyder 'sjø'. Tydinga kan såleis vera 'vatnet i villmarka'.

Kart

Finse
Finse
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg