Øystein er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ey-steinn. I dette toledda namnet tyder forleddet kanskje ‘lykke’. Etterleddet tyder ‘stein’.
Øystein
Kjende personar med namnet Øystein
Eit utval personar med namnet Øystein, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Øystein 1. Magnusson (1088)
- Øystein 2. Haraldsson (1125)
- Øystein Lønn (1936)
- Øystein Sunde (1947)
- Øystein Olsen (1952)
- Øystein Bache (1960)
- Øystein Mæland (1960)
- Øystein Stray Spetalen (1962)
- Øystein Røger (1963)
- Jon Øystein Flink (1976)
- Øystein Runde (1979)
- Øystein Erlendsson (–1188)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Stavevarianten Øystein er blant dei få samansette namna som hadde toppfasen sin på slutten av 1900-talet. Andre døme er Erlend, Vebjørn, Vemund og Åsmund. Varianten Øistein, med [øi], samsvarer med tidlegare rettskriving (før 1938), og Øistein hadde naturleg nok ein tidlegare toppfase enn Øystein. Sidan år 1900 er Øystein brukt sju gongar meir enn Øistein.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Øystein var mest brukt i Telemark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Øistein.)
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.