Øistein er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ey-steinn. I dette toledda namnet tyder forleddet kanskje ‘lykke’. Etterleddet tyder ‘stein’.

Namnet har fleire variantar: Eistein, Eystein, Øistein, Øisten, Østen, Øystein, Øysten.

Kjende personar med namnet Øistein

Eit utval personar med namnet Øistein, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 916 menn i Noreg som hadde Øistein som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Øistein høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969. I tillegg til Øistein, som var på topp i 1940-åra, gjeld dette til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn. Varianten Øistein, med [øi], samsvarer med tidlegare rettskriving (før 1938), og Øistein hadde naturleg nok ein tidlegare toppfase enn Øystein. Sidan år 1900 er Øystein brukt sju gongar meir enn Øistein.

Utvikling i bruk av namnet Øistein frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Øistein frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg