spesifikk impuls

Artikkelstart

Spesifikk impuls er eit uttrykk frå rom- og missilterminologien som seier noko om kor effektivt eit motorsystem eller drivstoff er.

Faktaboks

Uttale
spesifˈikk impuls

For drivstoffet viser uttrykket kor stor impuls ein vekteining kan produsere under gitte motortilhøve. For eit komplett rakettmotorsystem vil spesifikk impuls vise relasjonen mellom skyvekrafta til motoren og forbrukt av drivstoff.

For rakettmotorar/rakettdrivstoff er det vanlig å angi spesifikk impuls i sekund: \( Isp = v_e / g_0 \), der \( v_e \) er avgasshastigheita og \( g_0 \) er tyngdeakselerasjonen ved jordoverflata. Ein høg verdi for \( Isp \) betyr høg drivstoff/avgasshastighet, som igjen tyder at motoren er meir effektiv enn ein motor med lågare \(Isp \).

Relatert til framdriftskraft, \( F \), (thrust) må ein også ta med masseflytraten til motoren. Så då kan vi skrive \( F = g_0 \cdot Isp \cdot m_{rate} \), der \( m_{rate} \) er masseflytrata, altså kor mykje drifstoffmasse som går ut av motoren per tidseining.

Mange elektriske rakettmotorer bruker drivstoffet svært effektivt og har høgare verdi for \(Isp\) enn væskemotorar. Men dei elektriske motorane har mykje lågare masseflytrate, slik at de har ein mykje mindre framdriftskraft.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg