Hypergolisk drivstoff er ein type drivstoff som sjølvantenner når brensel og oksidasjonsmiddel vert blanda. Desse komponentane kan oppbevarast kvar for seg, og vil reagere spontant når dei kjem i kontakt. Slike drivstoff vert nytta av væskemotorar i rakettar og romfartøy.

Faktaboks

Uttale
hypergˈolisk drivstoff
Etymologi
av hyper-, ergo- og latin ‘olje’

Hypergoliske drivstoff er svært giftige og må handterast forsiktig. Sidan denne typen drivstoff er flytande ved normalt trykk og temperatur, kan det gjerne lagrast lenge, også ombord i romfartøy enten på bakken eller i bane.

Sidan drivstoffet sjølvantenner når brensel og oksidasjonsmiddel vert blanda, er rakettmotorar som nyttar slikt drivstoff enkle og driftssikre. Det vert ofte brukt i små motorar for retningskontroll og banejustering for satellittar og romfartøy.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg