Faktaboks

navaho
Språkkodar
nv, nav (NV, NAV)
ISO-639:3
nav

Navaho er eit amerikansk urfolkspråk som høyrer til språkfamilien eyak-athabaskisk. I 2011 hadde cirka 170 000 menneske navaho som førstespråk – meir enn noko anna amerikansk urfolkspråk nord for Mexico. 4 prosent av innbyggjarane i New Mexico snakkar navaho.

Det er undervisning i navaho i skulane i Navaho-nasjonen, men språket har ingen status som offisielt språk. I Arizona og Utah er engelsk offisielt språk. New Mexico har ingen offisielle språk, men de facto er både engelsk og spansk offisielle.

Endonymet for ein navaho-person er diné og for språket diné bizaad. Det delvis sjølvstyrte navahoreservatet på 67 339 km2 er det største urfolkreservatet i USA. Det heiter Diné bikéyah 'Navaho-nasjonen' og ligg i statane Hoozdoh Hahoodzo 'Arizona', Áshįįh Biiʼtó Hahoodzo 'Utah' og Yootó Hahoodzo 'New Mexico'.

Språkfamilie

Navaho (eller navajo) høyrer til språkfamilien eyak-athabaskisk. Eyak er eit nyleg utdøydd språk i Alaska. Athabaskisk, med fleire språk enn nokon annan nordamerikansk språkfamilie, har tre greiner: nord-athabaskisk, stillehavskyst-athabaskisk og sør-athabaskisk. Den siste greina, som òg blir kalla apasjeansk, har undergruppene navaho og apasje.

Språkhistorie

Det opphavlege heimlandet til eyak-athabaskisk var truleg indre Aust-Alaska. Ur-eyak og ur-athabaskisk skilde lag 1500 før vår tidsrekning, og ur-athabaskisk splitta seg i greiner etter 500 fvt. Dei neste tusen åra spreidde athabaskisk seg over eit stort område i Alaska og Nordvest-Canada, frå Stillehavet til Hudsonbukta. Den apasjeanske greina kom til Sørvest-USA kring år 1500.

Språksystem

I navaho-setninga kjem verbet sist. Rekkjefølgja av subjekt og objekt er styrt av «naturens rangstige», også kalla animatgrads-skalaen: di høgare på skalaen, di lenger framme i setninga:

vaksne menneske/lyn → ungar/store dyr → middels store dyr → små dyr → insekt → naturkrefter → døde ting/plantar → abstrakte omgrep

I setninga nedanfor står at'ééd 'jente' framfor tsídii 'fugl', sidan ungar er meir animate enn små dyr.

  • objekt subjekt verb
  • At'ééd tsídii bishtąsh. 'Fuglen hakka jenta.'
  • 'jente' 'fugl' 'hakka'

At tsídii 'fugl' er subjekt, ser vi av verbprefikset bi-, som fortel at andreleddet er subjekt. Sjå no på denne setninga:

  • subjekt objekt verb
  • Ashkii at'ééd yiníł'į́. 'Guten ser på jenta.'
  • 'gut' 'jente' 'ser på'

Ashkii 'gut' og at'ééd 'jente', begge ungar, er like animate. Verbprefikset yi- fortel at førsteleddet er subjekt. For å seie 'Guten ser på jenta' kan vi òg snu om på ledda og nytte verbprefikset bi-:

  • objekt subjekt verb
  • At'ééd ashkii biníł'į́. 'Guten ser på jenta.'
  • 'jente' 'gut' 'ser på'

Vi får ei ugrammatisk setning (merkt med *) dersom vi seier 'Fuglen hakka jenta', med subjekt framfor objekt og med verbprefikset yi-, sidan subjektet er mindre animat:

  • subjekt objekt verb
  • *Tsídii at'ééd yishtąsh. 'Fuglen hakka jenta.'
  • 'fugl' 'jente' 'hakka'

Lånord

Det tradisjonelle navaho-huset heiter hooghan, og ordet er kjent internasjonalt – jamfør engelsk, tysk og fransk hogan. Ein hogan liknar wigwamen til dei algonkinske folka.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg