Fjærmygg
Fjærmygg, Chironomus plumosus. Antennene ser ut som fjær, derav navnet.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Fjærmygg er ein familie av insekt i underordenen mygg. Gruppa er blant dei mest talrike og artsrike dyregruppene tilknytta ferskvatn, der larvene til dei fleste artane lever. Det er likevel stor variasjon i levevis. Nokon artar utviklar seg i fuktige miljø på land, medan ein del andre artar utviklar seg i saltvatn, der det er få andre insekt som klarar å overleve.

Faktaboks

Også kjend som
dansemygg
Vitskapeleg namn
Chironomidae

Av alle insektfamiliar er fjærmyggane mest utbreidd, med artar på alle kontinent, inkludert Antarktis. Totalt er det kjend meir enn 6000 artar på verdsbasis, kor 669 er påvist i Noreg.

Namnet fjærmygg refererer til hannane sine fjærforma antenner. Fjærmygg stikk ikkje.

Skildring

Artane er frå under 1 til rundt 12 mm lange, slanke og liknar stikkmygg, men forkroppen er sterkt avrunda og skjular nesten hovudet. Til skilnad frå stikkmygg manglar fjærmygg stikkande reiskapar i munndelane, og kan òg skiljast på eit særs redusert årenett. Hannane sine antenner er store og fjærforma og fungerer både som lukte- og høyreorgan. Fargen varierer frå lys grøn og gul til brun, grå og reint svart.

Larvene er ganske like, trass i ulikt levevis. Dei er avlange og krumme med eitt par stumpføter på mellomkroppen og eit pusterøyr bakerst på halen. Dei har ein tydeleg oval til rund hovudkapsel av kitin. Mange er gule, grøne eller blå, andre er djupt raudfarga. Hos Chironomus-gruppen inneheld larvene sitt blod hemoglobin som eit av ganske få virvellause dyr. Dette er ei tilpassing til å leve i oksygenfattig vatn.

Levestadar

Sjølv om nokre fjærmygglarver lever på land eller i havet, finst dei fleste i ferskvatn. I ferskvatn spelar dei ei stor rolle som mat for fisk, i nedbryting av næringspartiklar til sediment og som mineraliserande faktor. Chironomus-larvene lever ofte i slam i djupare vasslag av innsjøar, kor dei kan utgjere rundt 75 prosent av alt dyreliv. Fleire artar kan leve inntil tre månadar i vatn som er nesten fritt for oksygen.

Alle larver av fjærmygg kan spinne silke. Mange lever i røyr dekt med små partiklar, andre byggjer røyr av kalk medan nokre skil ut stoff som løyser opp kalk. Dei kan difor skade demningar eller liknande. Fjærmygglarver har som gruppe ei vidare miljøtoleranse enn nokon annan insektfamilie; dei er funne i sjøar med saltinnhold opptil 28 prosent. På Island finst dei i varme kjelder med temperatur opptil 52 °C. Vidare har ein funne fjærmygglarver ned mot 30 meter djupn i havet så vel som høgt opp i Himalaya, og den einaste insektarten som lever på fastlandet i Antarktis er fjærmyggen Belgica antarctica.

Sjølv om fjærmygg som gruppe kan leve nesten overalt i fuktige miljø, er ofte miljøkrava til kvar einskild fjærmyggart særs spesifikke. Ein brukar difor fjærmygg ofte som bioindikator ved prøver av vasskvalitet, særleg for å måle organisk ureining. I paleoøkologisk og paleoklimatisk forsking brukar ein artssamansetnaden av fossile fjærmygglarver til å rekonstruere mellom anna temperaturar tilbake i tid.

Vaksne fjærmygg tek normalt ikkje til seg føde. Mange artar opptrer i store, dansande svermar i paringstida, ofte rundt høge punkt i terrenget eller høgtragande objekt. Sverminga kan ta nokre veker. Svermane kan òg tiltrekkast av lyd og lys.

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

fjærmygg
Chironomidae
Artsdatabanken-ID
16822
GBIF-ID
3343

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg