Demokratiteori er eit forskingsfelt som prøver å gi svar på spørsmål om kva eit demokrati er, og kva som er dei viktigaste verdiane i eit demokrati.

Teoriar

Ulike demokratiteoriar deler nokre felles idear, mellom anna at demokrati krev frie val med allmenn stemmerett. Teoriane kan til dømes vere einige om at Noreg er eit demokrati, men samstundes ueinige om kor godt det norske demokratiet fungerer, og korleis det kan bli betre.

Liberale demokratiteoriar

Liberale demokratiteoriar tek utgangspunkt i det moderne, konstitusjonelle demokratiet. Dei framhevar individuell fridom som ein grunnleggjande verdi og krev difor vern av individuelle rettar som ytringsfridom og eigedomsrett, mot fleirtalet si makt. Dei grunngir demokratiet med at det gir innbyggjarane høve til å fremje eigne interesser og verdiar, samstundes som det avgrensar høvet til statlege maktovergrep.

Republikansk demokratiteori

Republikanske teoriar legg til grunn at det finst eit felles gode i samfunnet som bind innbyggjarane saman. Idealet deira er fridom frå tilfeldig makt, og dei meiner at denne fridomen i tillegg til formelle rettar krev aktiv deltaking i demokratiet, også utover sjølve valhandlinga. Slik skil dei seg frå individfokuset i liberalismen.

Sosialistisk demokratiteori

Sosialistiske teoriar byggjer på dei republikanske og meiner at reelt demokrati føreset solidaritet og små sosiale forskjellar mellom innbyggjarane. Dei krev difor at dei liberale rettane må supplerast med sterkare økonomiske og sosiale rettar, og at økonomien og andre delar av samfunnslivet i større grad må liggje under demokratisk kontroll.

Populistisk demokratiteori

Ein enkel teori, inspirert av dei første demokratia i den greske antikken, seier at ein har demokrati så lenge fleirtalet bestemmer og får viljen sin gjennomført. Teorien tilseier at innbyggjarane bør få vere med og styre direkte, til dømes gjennom folkeavstemning, og at det er udemokratisk å ha lover og institusjonar som bind folkeviljen. I si moderne form blir dette synet gjerne kalla populistisk demokrati.

Deliberativ demokratiteori

Deliberative teoriar seier at demokratiet krev ei opplyst folkemeining som berre kan dannast gjennom ein fri og open samfunnsdebatt. Til skilnad frå populistiske teoriar seier dei at fleirtalsmeininga ikkje alltid er legitim, til dømes dersom samfunnsdebatten er prega av løgn og manipulasjon, eller at nokre grupper ikkje har fått kome til orde.

Demokratiteori i internasjonal politikk

Eit aktuelt spørsmål innanfor demokratiteori er i kva grad demokratiet kan og bør utvidast utover landegrensene. Eitt syn er at demokrati føreset ein gjensidig tillit og ein fellesskap mellom innbyggjarane som berre kan eksistere i ein nasjonalstat. Det motsette synet er at ein ikkje kan ha reelt demokrati så lenge innbyggjarane ikkje har høve til å påverke internasjonal politikk og økonomi gjennom felles institusjonar og organisasjonar som til dømes EU.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eriksen, Erik Oddvar (red.) (1995): Deliberativ politikk: Demokrati i teori og praksis. Oslo: Tano Aschehoug.
  • Gutman, Amy: «Democracy», i Robert E. Goodin med fleire (2007): A Companion to Contemporary Political Philosophy, andre utgåve. Oxford: Wiley-Blackwell.
  • Pedersen, Jørgen (red.) (2010): Moderne politisk teori. Oslo: Pax Forlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg