Internasjonal politikk er all samhandling som går føre seg over landegrensene, både mellom statar og mellom organisasjonar. Ei anna nemning på dette er internasjonale relasjonar.

To hovudperspektiv har prega oppfatninga av internasjonal politikk. Den realistiske retninga legg vekt på rådande maktforhold og hevdar at statar må handle slik at dei sikrar eigne mål. Den idealistiske retninga ønskjer å jamne ut maktforskjellane og gjere verda tryggare og meir føreseieleg ved å inngå avtalar.

I spørsmål om krig og fred har statar vore dei viktigaste aktørane. Historisk har dei hevda eigne interesser ved å gå til krig mot kvarandre, men dei har òg prøvd å hindre nye krigar. Freden i Westfalen i 1648, som gjorde slutt på trettiårskrigen, slo fast at kvar stat har rett til å styre seg sjølv, utan innblanding utanfrå. Etter første verdskrigen vart Folkeforbundet skipa for å få i gang nedrusting, etter andre verdskrigen følgde FN, som skulle fremje fred og utvikling.

Mellomstatlege organisasjonar arbeider med eit avgrensa saksfelt. Land med felles interesser har stifta Nato, Verdshelseorganisasjonen og Verdshandelsorganisasjonen. Seks vesteuropeiske land oppretta i 1952 ein kol- og stålunion. Denne unionen var kimen til EU, som i dag har 27 medlemsland og stor politisk makt.

Også ikkje-statlege organisasjonar er aktørar i internasjonal politikk. Medlemer av Amnesty International tek del i internasjonale menneskerettsaksjonar, og Legar utan grenser rekrutterer og arbeider på tvers av landegrenser. I næringslivet har det vakse fram verdsvide bedrifter med ei oppbygging og ei handlekraft som utfordrar statane si makt til nasjonal kontroll og skattlegging.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg