Banelementer
Illustrasjon av baneelementene som beskriver formen til en planetbane. Planeten følger en elliptisk bane rundt Solen (S).
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Bane er uttrykket som vert brukt til å skildre rørsla til eit romfartøy, enten det er ein satellitt i bane rundt Jorda, eller eit fartøy på veg gjennom rommet til andre mål.

Former på baner

Romfartøy har ulike baner avhengig av formålet med oppdraget til fartøyet. Forma til ei bane kan endrast anten ved bruk av eigen energi frå ein rakettmotor, ved hjelp av strålingstrykket til sola på eit solsegl eller ved forbiflyging av andre objekt ved hjelp av gravitasjonshjelpmetoden.

Elliptisk bane

Ei omløpsbane som ein satellitt har rundt eit objekt som Jorda, kan skildrast som ei elliptisk bane, der objektet satellitten går i bane rundt er plassert i det eine brennpunktet. Korleis bana ser ut, er definert av seks storleikar kalla baneelementa til satellitten.

Så lenge eit romfartøy ikkje vert påverka av ei ytre kraft, anten gjennom bruk av ein rakettmotor, påverknad av gravitasjonen frå andre objekt, eller oppbremsing i atmosfæra vil ei omløpsbane fylgje Keplers lover.

Elliptiske baner klassifiserast ofte vidare, til dømes har vi:

  • ekvatorbane, der objektet bevegar seg over Jordas ekvator.
  • geostasjonær bane, der objektet er objektet til ei kvar tid ligg over det same punktet langs Jordas ekvator.
  • geosynkron bane, der objektet roterer i same retning som Jorda og har same omløpstid som Jordas rotasjonsperiode.
  • Hohmann-bane, som brukast når til dømes ein romsonde skal overførast mellom to ulike sirkelforma baner.
  • molnijabane, som brukast av enkelte satellittar som då kan ligge ein lang periode over ein jordstasjon.
  • polbane, der objektet passerer over polane til eit himmellekam.
  • solsynkron bane, der objektet passerer ein gitt breiddegrad til faste tider.

Sjå òg satellittbane.

Parabelbane

Viss ein satellitt i ei elliptisk bane rundt Jorda aukar farten sin tilstrekkeleg i eller nær det lågaste punktet i banen, vil ellipsa opne seg og bli til ein parabel. Då kan ikkje gravitasjonsfeltet til Jorda halde på romfartøyet, og fartøyet vil forlate jordbana og fortsette ut i rommet. Den farten som skal til for å gå ut av bane på denne måten, vert kalla unnsleppingsfart.

Kosmiske hastigheiter

Det finst tre ulike typar hastigheiter som vert brukt til å skildre grensetilfella for objekt i baner. Namnet på uttrykka stammar frå russisk romterminologi.

Første kosmiske hastigheit

Dette er den lågaste farten eit romfartøy treng for å kunne gå i bane. For Jorda er dette omtrent 7,9 kilometer per sekund (km/s).

Andre kosmiske hastigheit

Farten eit fartøy treng for å forlate bane rundt eit objekt vert kalla unnsleppingsfarten. For Jorda er denne 11,2 km/s. For Månen er denne farten 2,4 km/s.

Tredje kosmiske hastigheit

Uttrykket «tredje kosmiske hastigheit» skildrar farten eit fartøy treng for å sleppe unna gravitasjonen til Sola og dermed forlate solsystemet. Romfartøyet må då oppnå ein fart på omtrent 16,7 km/s.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg