aino (språk)

Artikkelstart

Aino er eit nær utdødd språk i Japan. Det er eit såkalla språkleg isolat, det vil seie eit språk som ikkje har eit påvist slektskap med noko anna språk.

Faktaboks

Også kjent som

ainu

Språkkoder
ain (AIN)
ISO-639:3
ain

I 1996 blei aino snakka av om lag 15 menneske i Japan. Det er svært uklart kor stor den etniske gruppa er, sjå aino (folkegruppe). Tala varierer frå 15 000 til 200 000 i Japan. I tillegg skal det vere om lag 1500 på Kurilane og Sakhalin i Russland. Ingen av dei som framleis meistrar aino, snakkar språket til dagleg.

Aino har ingen formell status i Japan eller andre stader, og har aldri hatt det.

Ordet på aino for ein person som høyrer til den etniske gruppa, er aynu, som òg tyder ‘menneske’. Språket blir kalla aynu itak, eigentleg ‘menneskespråk’. Øya Hokkaido blir kalla Aynu mosir ‘aino-land’, og Japan blir kalla Sisam mosir ‘japanar-land’

Språkfamilie

Aino er – slik som mellom anna baskisk – eit såkalla språkleg isolat, det vil seie eit språk som ikkje har eit påvist slektskap med noko anna språk.

Strukturelt har aino mange sams drag med japansk og koreansk, men dette tilseier ikkje at det er nokon skyldskap mellom desse språka.

Språkhistorie

Det fanst tidlegare minst 19 ulike dialektar av aino, med tre hovudvariantar: Sakhalin-aino, Kuril-aino og Hokkaido-aino. Dei to første variantane er utdøydde, og den siste som snakka Sakhalin-aino, døydde i 1994.

Rett etter siste istid, som tok slutt for om lag 10 000 år sidan, blei Japan busett. Det finst genetiske indikasjonar på at ainoane er etterkomarar av dei første busetjarane, medan japanarane er etterkomarar av folk som slo seg ned i området om lag 300 år fvt. Sidan 2008 har ainoane hatt status som urfolk i Japan.

Ainoane har tidlegare truleg budd på alle dei fire store japanske øyane – Kyushu, Shikoku, Honshu og Hokkaido. Stadnamnstudiar viser spor etter ainoar på den nordaustlege delen av Honshu og på heile Hokkaido. Her – og på Kurilane og Sakhalin – finst det mellom anna mange stadnamn som inneheld to aino-ord for ‘elv’, nemleg pet og nay. På japansk er dei blitt til betsu og nai. Ainoane var dominerande på Hokkaido fram til Meiji-perioden (1868–1912), då store mengder japanarar slo seg ned på øya.

Dei eldste skriftlege vitnemåla om aino skriv seg frå førstninga av 1600-talet. Då sende den italienske jesuittmisjonæren Jeloramo de Angelis (1567–1623) ei liste med 54 ord som vedlegg til ein rapport til paven. Aino har aldri vore i vanleg bruk som skriftspråk, og språket er blitt skrive med det latinske og det kyrilliske alfabetet og med japansk stavingsskrift (kana).

Språksystem

Akkurat som japansk og koreansk er aino eit SOV-språk – eit språk der subjektet kjem først i setninga, verbet sist og objektet og andre ledd mellom subjektet og verbet. Det skil seg frå dei to nemnde språka ved at det er ordstillinga som viser kva som er subjekt og objekt, medan japansk og koreansk uttrykkjer dette ved hjelp av kasus.

Ainu har postposisjonar som uttrykkjer det same som norske preposisjonar, slik at aynu mosir un (bokstavleg: ‘ainu land til’) tyder ‘til ainuland’. Verbet kan ta ulike affiks, som blir nytta der vi på norsk bruker pronomen, men 3. person er oftast ikkje uttrykt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Masayoshi Shibatani: The languages of Japan (Cambridge language surveys). Cambridge University Press, Cambridge 1990
  • Suzuko Tamura: The Ainu language. Sanseido, Tokyo 2000

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg