Vanja

Artikkelstart

Vanja er eit kvinnenamn som opphavleg er russisk kjæleform av mannsnamnet Ivan (jamfør skodespelet «Onkel Vanja» av Tsjekhov).

På grunn av endinga [-a] er dette opphavlege mannsnamnet omtolka til kvinnenamn i Skandinavia.

Namnet har fleire variantar: Vanja, Wanja.

Namnedag er 22. januar. Ivan og Vanessa har også namnedag denne dagen.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Wanja Johanne Hasle fødd 1863 i Kristiania, busett i Aker i 1900. Før ho gifta seg, hadde ho etternamnet Stolt.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 970 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Vanja som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg