UDA
Maskerte og uniformerte menn frå den paramilitære lojalistorganisasjonen Ulster Defence Association (UDA) marsjerer i ein nord-irsk by, truleg tidleg i 1970-åra. UDA vart definert som terroristgruppe i 1992, og hadde IRA som hovudfiende.
UDA
Av /Keystone Pictures/NTB.

Ulster Defence Association (UDA) var ei lojalistisk (unionsvenleg) paramilitær gruppering i Nord-Irland. UDA vart skipa i 1972 som ein paraplyorganisasjon for ulike militante lojalistorganisasjonar på unionsvenleg side. Organisasjonen var aktiv under perioden i nord-irsk historie kalla «the troubles» (1968–1998) – då konflikten mellom unionistar/lojalistar (som ynskjer fortsatt tilslutning til Storbritannia) og nasjonalistar/republikanarar (som ynskjer foreining mellom Nord-Irland og republikken Irland) var på sitt mest intense.

Hovudmålet til UDA var å forsvara protestantiske område i Nord-Irland, som dei meinte var under åtak frå irske republikanarar, særleg frå (Provisional) Irish Republican Army (IRA). Frå starten låg tyngdepunktet for organisasjonen i arbeidarklasseområdet Shankill Road i Belfast. Medlemstalet var på det høgaste på 1970-talet, men var uvisst – tal mellom 15000 og 40000 har vore nytta. Rundt avvæpninga av UDA (2010), er det vanleg å rekna med at organisasjonen hadde under 5000 medlemer.

Frå starten var UDA engasjert både i sosialt støttearbeid i lojalistisk dominerte lokalsamfunn og valdelege aksjonar, irekna aksjonar der nordirsk politi og britiske styrkar infiltrerte og la til rette for UDA-aksjonar. I 1994 då fredsprosessen fram mot Langfredagsavtala var i gang, kunngjorde UDA våpenkvile. Denne vart periodevis avbrote av valdelege aksjonar, og to år etter at IRA hadde avvæpna seg sjølv, kunngjorde dei slutt på all væpna aktivitet i 2007. I 2010 var UDA avvæpna, men einskildmedlemer var likevel involverte i valds- og narkotikakriminalitet etter dette.

UDA-valdsbruk

Mange av dei mest valdelege UDA-aksjonane vart utført under dekknamnet Ulster Freedom Fighters (UFF). Dekknamnet vart nytta for å unngå at UDA skulle verta rekna for ein ulovleg organisasjon, slik stråmanns-organisasjonen UFF vart frå 1973. Ulster Defence Association (UDA) vart ikkje rekna som ein ulovleg terroristorganisasjon før i august 1992.

UDA/UFF var ansvarlege for 431 drap i åra fram til 2006, om lag 80 prosent av desse var sivile – svært mange av dei drepne var katolikkar. Om lag 4 prosent av dei drepne var medlemer eller tidlegare medlemer av republikanske paramilitære organisasjonar, og heile 14 prosent var medlemer eller tidlegare medlemer av lojalistiske paramilitære organisasjonar. Utslag av interne oppgjer med påståtte infiltratørar eller feidar med andre lojalistiske paramilitære organisasjonar inngår i denne kategorien. Kring 1 prosent av ofra var medlemer i den britiske hæren.

Kjende aksjonar

Den irske dvokaten Pat Finucane vart drepe med 14 skot av UDA i heimen sin i 1989, etter samarbeid mellom UDA og britiske styrkar. I 1992 vedgjekk den drapsdømde UDA-mannen Brian Nelson at han var britisk agent, og at UDA fekk etteretningsfiler om republikanarar frå den britiske hæren. I 1985 hevda den britiske etteretningstenesta MI5 at 85 prosent av det materialet UDA nytta for å definera åtaksmål kom frå dei britiske tryggingsstyrkane. Den britiske konservative statsministeren David Cameron bad seinare (2011) om orsaking for at britiske styrkar medverka til drapet på Pat Finucane.

Den mest kjende UDA-aksjonen skjedde på Milltown-kyrkjegarden i Vest- Belfast i mars 1988. Då skulle tre drepne IRA-folk som var skotne av spesialstyrkane SAS på Gibraltar gravleggjast der. UDA-mannen Michael Stone kom seg inn i folkemengda på kyrkjegarden, tok livet av tre personar og skadde seksti med fleire handgranatar og to pistolar, føre han flykta unna den rasande folkemengda. Han vart teken av folkemengda, og ville temmeleg sikkert vorte drepen om ikkje politiet Royal Ulster Constabulary (RUC) hadde berga han. Stone vedgjekk då at han tidlegare hadde drepe tre katolikkar, og vart dømt til fengsel i 684 år med påkravd soning i minst 30 år. I 2000 vart han likevel lauslate som ein del av lauslatingsprogrammet etter Langfredagsavtala (1998). Få år seinare vart han arrestert og dømt på ny for drapsforsøk på Sinn Féin-leiarane Gerry Adams og Martin McGuinness. Han vart prøvelauslaten i 2021, og er tvillaust den mest kjende av alle lojalistiske drapsmenn i Nord-Irland.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Felo, J.L. (2013); Everyone can help. Social Service Provision by the Ulster Defence Association, 1971-1988. Ph.D.-avhandling, Queen’s University Belfast.
  • McAuley, J. (2013); Ulster Loyalism and Extreme Right Wing Politics. I Taylor, M. m.fl. (red); Extreme Right Wing Political Violence and Terrorism. Bloomsbury.
  • McAuley, J. & Spencer, G. (red.) (2011); Ulster Loyalism after the Good Friday Agreement. History, Identity and Change. Palgrave MacMillan.
  • McKittrick, D. m.fl. (2006); Lost lives. The Stories of the Men, Women and Children who Died as a Result of the Northern Ireland Troubles. Random House.
  • Urwin, M. (2016); A State in Denial. British Collaboration with Loyalist Paramilitaries. Mercier Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg