Paraplyorganisasjon er ein organisasjon som består av fleire sjølvstendige organisasjonar. Paraplyorganisasjonane og medlemsorganisasjonane deira er vanlegvis anten foreiningar eller stiftingar.

Faktaboks

Etymologi
frå engelsk umbrella organization

Paraplyorganisasjonar kan vera oppretta ad hoc for å arbeida for eit bestemt føremål i ein avgrensa tidsperiode, eller vera av varig karakter. Paraplyorganisasjonar samlar som regel nærståande organisasjonar under seg og varetek deira felles interesser. Nokre paraplyorganisasjonar er likevel felles talerøyr i bestemte saker for organisasjonar som elles har høgst ulike føremål. Éin organisasjon kan høyra til fleire paraplyorganisasjonar.

Oppgåver

Paraplyorganisasjonane har mellom anna som oppgåve å føra dialog med sentrale styresmakter om fordeling av offentlege tilskot. Paraplyorganisasjonar uttaler seg også i offentlege høyringar. Dessutan medverkar dei ofte når medlemmer av statlege råd og utval blir utnemnde.

Frivillig sektor

Det er framfor alt innanfor frivillig sektor me finn mange paraplyorganisasjonar. Frivillighet Norge, som omfattar rundt 300 sjølvstendige landsdekkjande organisasjonar, speler her ei sentral rolle.

På tilsvarande måte er til dømes over 50 idrettsorganisasjonar (særforbund) samla i Norges idrettsforbund. I helse- og sosialsektoren finn me mellom anna Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon som består av meir enn 80 medlemsorganisasjonar.

Tru og livssyn

livssynsområdet er Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn paraplyorganisasjon for mellom anna Den norske kyrkja, Den katolske kyrkja, Det Mosaiske Trossamfund, Buddhistforbundet og Muslimsk Dialognettverk Norge. Fleire av desse er knytt til andre paraplyorganisasjonar. Den norske kyrkja og Den katolske kyrkja er til dømes tilslutta Norges Kristne Råd.

Arbeidslivet

På arbeidslivsområdet finn me ein noko annan type paraplyorganisasjonar, som speler ei sentral rolle ved tarifforhandlingar. Dei blir også omtalte som hovudorganisasjonar. KS, som femner om kommunane og fylkeskommunane, er den største arbeidsgivarorganisasjonen i landet. NHO er overbygning for sjølvstendige næringsorganisasjonar på arbeidsgivarsida og har tilsvarande funksjon som KS ved tariffoppgjera. På arbeidstakarsida er den største hovudorganisasjonen, LO, paraplyorganisasjon for 26 forbund som til dømes Fagforbundet og Fellesforbundet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg