Faktaboks

Tønes
Frank Tønnesen
Fødd
28. april 1972, Sokndal, Rogaland
Tønes, 2017
Tønes, 2017
Av /pressefoto.

Frank «Tønes» Tønnesen er ein særeigen norsk visesongar, gitarist, komponist og tekstforfattar. Med dei novelleaktige tekstane, framførte på dialekt, utfordrar han den tradisjonelle songlyrikken.

Bakgrunn

Tønnesen vaks opp i Hauge i Dalane. Han hadde eit år som fiskar bak seg før han byrja i lære som elektrikar hos bergverket Titania A/S (1992–1994) i Sokndal. Ved sida av har han heile tida arbeidd med musikken. I heimfylket har han spela tallause konsertar, men han er òg blitt noko av ein kultfigur i det norske visemiljøet. Etter det store gjennombrotet som musikar i 2012 var han tilsett på deltid i Titania fram til 2015.

Musikkarrieren

Tønes har sidan 1990-talet vore ein slags musikalsk kultfigur, med underfundige tekstar om små og store ting, framført på dialekt. På hans no nedlagde nettside var det ordliste og bøyningsformer for fleire av dei lokale dialektorda han brukar.

Tønnesen har gitt ut fleire platealbum og EP-ar under artistnamnet Tønes. Han debuterte i 1996 med Rett te håves. Plata Sån av Salve, frå 2012, har mykje til felles med debuten, men vitnar samstundes om ein mogningsprosess. Tekstane på Sån av Salve er humoristiske, men òg alvorlege og fortel underlege og attkjennelege kvardagshistorier. Ofte snur Tønes opp ned på stort og smått, viktig og uviktig, i ei form for viserock som verken er redd for å bruke eller bryte med sjangerkonvensjonar.

Samarbeid og anna scenearbeid

Frank Tønnesen har sidan 2010 spela ein del med bandet Skjelvekommode, og han har jobba nært saman med bassist Gaute Tengesdal og gitarist Gunnar Tønnesen, både som musikarar og produsentar.

Saman med mellom anna forfattaren Ingvar Hovland har Tønnesen fleire gonger skrivne og spelt revy i Egersund. Tønes har òg medverka i juleprogram på NRKs lokalradio. Han har dessutan vore skodespelar i Strandaspelet, som blir sett opp i Sogndalstrand Amfi, og hatt ei rolle i filmen Skumringslandet (2014). I 2019 var det premiere på André Løynings dokumentar Tønes – utselt på grendehuset.

Utmerkingar

Tønes fekk Josefines visepris i 1997 og blei kåra til årets artist i NRK Lokalen (Rogaland) i 1998 og 2000. I både 1998 og 2013 vart han kåra til Årets sokndøl. Han blei nominert til Spellemannprisen i 2009 for Sobihob, i kategorien «Årets tekstforfattar». I 2012 blei Sån av Salve kåra til Årets plate av Dagbladet. Tønes fekk to Spellemannprisar for 2012, i kategoriane «Årets tekstforfattar» og «Årets vise», og Spellemannprisen for 2015 i kategorien «Årets vise».

I 2017 kom minialbumet Ikkje mogna og fullengderen Sesong fire. Sistnemnde vart nominert til Spellemannprisen i kategorien Årets album. Han fekk Prøysenprisen 2012, Stavanger Aftenblads kulturpris 2013, Norsk Målungdoms dialektpris i 2013, Rogaland Mållag sin målpris i 2016 og Edvard-prisen i 2022. Thilda Bøes legat (2021) fekk Spellemannprisen.

Diskografi

  • Rett te håves (1996)
  • Gobai (1998)
  • Maleri (Singel, 1998)
  • Bonde (EP, 1999)
  • Sko ikkje sagt någe hvis det va drid! (Singel, 2000)
  • Det så e inne i krabben (2000)
  • Sju (EP, 2003)
  • Grønnare gras (2004)
  • Tork av deg fliret (2008).
  • Sobihob (2009; nyinnspellingar av nokre gamle songar)
  • Sån av Salve (2012)
  • Indianara (Singel, 2014)
  • Vindbrest (2015)
  • Maxitaxi (Singel, 2017)
  • Ikkje Mogna (Singel, 2017)
  • Sesong fire (2017)
  • Thilda Bøes legat (2021)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg