Hauge (tettstad i Dalane)

Artikkelstart

Hauge er ein tettstad i Sokndal kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,6 km², og har 2115 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
2115 (SSB, 2020)
Landareal
1,6 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
4541 Hauge

Hauge er administrasjonssenter i Sokndal kommune. Tettstaden omfattar òg Sogndalstrand ved kysten, som inntil 1944 var ein eigen ladestad.

Nordaust for Hauge ligg titanmalmgruver som i si tid var dei største i Europa (Sandbekk), no nedlagt. Nye og rikare malmfelt opna på Tellnes ca. 10 km aust for Hauge (Titania).

I Hauge ligg Sokndal kyrkje, ei korsforma trekyrkje frå 1803 med verdfullt inventar frå 1600-tallet.

Kart

Hauge i Dalane
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg