Sigfrid er eit nylaga kvinnenamn (1858). Det mykje meir vanlege Sigrid er opphavleg (i norrønt) samansett av dei same ledda som Sigfrid: Sig-fríðr. Forleddet tyder ‘siger’ og etterleddet ‘vakker’.

Les om mannsnamnet Sigfrid.

Namnet har fleire variantar: Sigfrid, Sigfried.

Namnedag er 12. juni. Sigrid og Siri har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Sigfrid

Eit utval personar med namnet Sigfrid, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 307 kvinner i Noreg som hadde Sigfrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med toppfase innafor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Sigfrid var på topp tidlegare, i perioden 1900–1909.

Utvikling i bruk av namnet Sigfrid frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Sigfrid frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sigfrid på 1800-talet.

Sigfrid var mest brukt i Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sigfrid på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Sigfrid var mest brukt i Bergen.

Historisk bruk av namnet Sigfrid
Historisk bruk av namnet Sigfrid
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg