Siri er eit kvinnenamn som har fått lydlege endringar frå det opphavlege Sigrid: Både [g] og [d] har falle bort.

Namnedag er 12. juni. Sigfrid, Sigfrid og Sigrid har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Siri

Eit utval personar med namnet Siri, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 446 kvinner i Noreg som hadde Siri som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Siri var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 14 jenter som fekk namnet Siri.

Utvikling i bruk av namnet

Sigrid var mykje brukt tidleg på 1800-talet og gjekk nedover fram til 1860-åra då det fekk ein kurveprofil som liknar på renessansenamna. Forma Siri av Sigrid er utvikla etter norrøn tid, og slike former har ofte gått tilbake utover 1800-talet etter eit høgt nivå tidleg på 1800-talet. Men Siri fekk – i motsetning til for eksempel Guri (av Guðríðr) – eit oppsving på 1900-talet og ein ny topp i perioden 1975–1989. Dette var samtidig med Sigrid.

Utvikling i bruk av namnet Siri frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Siri frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Siri på 1800-talet.

Siri var mest brukt i Agder, Rogaland og Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Siri på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Siri var mest brukt i Agder, Rogaland og Hordaland.

Historisk bruk av namnet Siri
Historisk bruk av namnet Siri
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg