I dag snakkar ein gjerne om det «skeive miljøet» heller enn det lesbiske og homofile miljøet. Dette fordi miljøet har blitt sterkt mangfaldiggjort og differensiert, og omfamnar heile LHBTI-spekteret (lesbiske, homofile, bifile, trans og intersex) og andre minoritetar på kjønns- og seksualitetsfeltet. Regnbogeflagget speglar denne utviklinga.
I dag vil ein kunne observere mange ulike variantar av regnbogeflagget. Dette signaliserer at sjølve regnbogen blir sett på som eit symbol for eit mangfaldig skeivt miljø. Variasjonane i utforminga av regnbogeflagga signaliserer likevel at det er eit behov for markering av separate identitetar i det skeive miljøet.
Dømer på variasjonar er ein variant i beige og brune nyansar, som symboliserer bamsekultur, og ein variant i blått, svart og kvitt med eit raudt hjarte, som symboliserer lærkultur.
Den standardiserte utgåva med seks striper er likevel framleis den mest nytta, særleg på og kring dei store pride-feiringane. Etter at flagget kom til som symbol, har det blitt ein heil industri kring flagget, og det nyttast på nøkkelringar, smykker, skjorter og andre klesplagg. Det nyttast også for å signalisere at ein uteplass er for skeive, eller at den er vennleg innstilt til skeive.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.