skeiv teori

Artikkelstart

Skeiv teori eller queer-teori (av engelsk queer theory) er ei fellesnemning på tenkje- og analysemåtar som utfordrar og problematiserer forståing og omgrepsbruk knytt til kjønn og seksualitet.

Faktaboks

Også kjent som

queer-teori

engelsk: queer theory

Omgrepet er ei paraplynemning for ulike og til dels motstridande strøymingar som oppsto i universitetsmiljø i USA rundt 1990, og som sidan er blitt eit viktig perspektiv innan internasjonal kjønnsforsking.

Skeiv teori oppstod som sjølvstendig teoriretning i nær samanheng med og delvis som reaksjon på allereie etablert kjønnsforsking, feministiske studiar og lesbiske og homoseksuelle studiar. Skeiv teori er mellom anna inspirert av arbeida til den franske filosofen Michel Foucault og den amerikanske litteratur- og kjønnsforskaren Judith Butler. Etter kvart kom skeiv teori til å stå for eit mangfald av ulike teoretiske retningar.

Kjønnsidentitet som sosialt skapt

Medan ein innanfor tradisjonell kjønnsforsking og -teori gjerne har operert med faste og stabile kategoriar for kjønn og seksualitet (mann – kvinne, heteroseksuell – homoseksuell), kan ein med utgangspunkt i skeiv teori problematisere desse inndelingane. Den skeive teorien forstår kjønnsidentitet og seksuell legning som noko flytande, fragmentert og dynamisk, og ikkje som noko fast, varig og naturbestemt. Kjønnsidentitetar og legningar blir altså innanfor den skeive teorien forstått som sosiale eller kulturelle konstruksjonar, altså først og fremst sosialt skapte, og ikkje utelukkande naturgitte eller biologiske fenomen.

Omgrepet queer (skeiv) blir forstått som noko positivt innanfor den skeive teorien. Denne omforminga av omgrepet frå noko negativt kan ein sjå i samanheng med at skeiv teori har vore nært knytt opp mot politisk aktivisme og kamp for rettar både for homo- og bifile, transpersonar, panseksuelle og menneske med andre seksuelle legningar, til dømes sadomasochistar og fetisjistar.

Skepsis til identitetskategoriar

Queer-teoretikarar vil bort frå fortolkingar gjort av andre kulturar og tidlegare tidsepoker som tek utgangspunkt i vår eiga forståing av homo- og heteroseksualitet. Dei meiner at vårt eige samfunn si inndeling av menneske i kategoriar som heterofil og homofil kun representerar éin av mange måtar å forstå og fortolke kjønn og seksuell tiltrekking på.

Vidare er dei fleste queer-teoretikarar skeptiske til identitetskategoriar som «lesbisk» og «homofil», også når dei vert nytta i vårt eige samfunn i dag. Ein identitet som homofil eller lesbisk er ikkje betre noko som set menneske i stand til å forstå seg sjølv, slutte seg saman og handle politisk, men kan òg vere avgrensande og disiplinerande, ifølge litteraturvitar Pål Bjørby.

I staden for å finne seg i å bli sett i bås som homofil, lesbisk eller bifil, bør folk prøve å bryte ned båstenkinga og finne nye måtar å forstå og uttrykkje kjønn og seksualitet på.

Kritikk av heteronormativitet

Eit anna kjenneteikn ved skeiv teori er, ifølge antropologen Don Kulick, at den ser på den normative heteroseksualiteten som eit problem som bør forklarast. Skeiv teori nektar å anerkjenne heteroseksualiteten sitt krav om å vere det naturlege og sjølvsagde.

Eit nøkkelomgrep her er «heteronormativitet», det vil seie kulturelle førestillingar, normer, institusjonar og strukturar om at ei særleg form for heteroseksualitet er det normale, medan all anna seksuell åtferd er unaturlege avvik. Eit viktig felt innan skeiv teori og queerforsking har difor vore å analysere og kritisere heteronormativiteten i samfunnet. Queerforskinga har mellom anna peika på korleis heteronormativitet har gjennomsyra heile samfunnet og institusjonar i samfunnet, og gitt bestemte måtar å leve på (heterofilt, monogamt) forrang.

Tilskeiving (queering)

Som svar på denne heteronormative tankegangen kan ein innanfor den skeive tenkinga føreslå omgrepet «queering», eller på norsk «tilskeiving». Tilskeiving forstår ein då som ulike måtar å vere på som bryt med det som blir oppfatta som normale veremåtar og identitetar. Ulike aktivistiske grupperingar har late seg inspirere av skeiv teori, til dømes såkalla «queer punk». Innanfor queer punk-rørsla ser ein òg på vanlege måtar å leve i homofile eller lesbiske parforhold på som prega av det heteronormative, og ikkje som skeivt.

Med eit slikt radikalt skeivt standpunkt vil ein meine at homofile eller lesbiske dermed ikkje lever utanfor det normative, men altså «skeivt». Omgrepet skeiv skal då berre referere til menneske som heller ikkje kan finne seg til rette i ein homofil eller lesbisk kjønnsidentitet.

Ikkje-moralistisk innstilling

Queer-teoretikarar og aktivistar inspirert av queer-teori har vore opptekne av å synleggjere fenomen som bryt med det som er blitt sett på som normalt, naturleg, normativt, heteroseksuelt og streit.

Dette gjeld praksis og miljø som bryt med inndelinga av menneske i to gjensidig utelukkande kjønnskategoriar (mann og kvinne), for eksempel ulike former for drag og transvestisme.

Det gjeld også seksualitets- og samlivsformer som bryt med det som av folk flest vert sett som normalt, naturleg og moralsk. Døme på dette er ulike former for sadomasochisme, fetisjisme og kjærleiksforhold som omfattar meir enn to personar (polyamorøse forhold).

Queer-teoretikarar markerar ofte ei sterkt ikkje-moralistisk innstilling til samliv og seksualitet. I debattar om lesbiske og homofile sin rett til ekteskapsinngåing og adopsjon, for eksempel, har queer-teoretikarar advart mot det dei oppfattar som normaliserings- og konformitetspress innad i LHBT-miljøa (lesbiske, homofile, bifile og transpersoner).

Skeiv teori i samfunnsdebatt og medium

Førestillinga om at kjønnsidentitet er noko sosialt skapt og ikkje utelukkande noko naturgitt, har møtt mykje motstand frå ulike kantar. Debattantar med eit strengt religiøst livssyn kritiserer gjerne skeiv teori, ettersom førestillingane om det skeive bryt med synet på kjønn som noko som inngår i ein guddomleg orden. Frå vitskapeleg hald blir skeiv teori kritisert for å leggje for stor vekt på at kjønn er noko sosialt og kulturelt skapt, og for lite vekt på kjønn og kjønnsidentitet som biologisk gitte storleikar.

Også i populærkulturen er dette eit tema som har vorte og vert drøfta og debattert. Eit døme på dette er NRK-serien SKAM, der kjønnsidentitet og seksuell identitet er sentrale tema, og problemstillingar med utspring i skeiv teori står sentralt. Til dømes tek serien for seg tilhøvet mellom meir tradisjonelle forståingar av homofil identitet og meir eksperimentelle skeive identitetar.

Sentrale teoretikarar

Den franske filosofen Michel Foucault er truleg den viktigaste enkeltinspirasjonen til skeiv teori, spesielt fyrste bind av trebindsverket hans om Seksualitetens historie, fyrste gong utgitt i 1978.

Den som fyrst introduserte omgrepet queer-teori (Queer Theory) var filosofen Theresa de Lauretis, i eit innlegg på ein konferanse ved University of California, Santa Cruz, i 1990. Andre viktige bidragsytarar til skeiv teori er filosofen Judith Butler og litteraturvitarne Eve Kosofsky Sedgwick, David Halperin, Michal Warner og Lee Edelman.

Blant nordiske forskarar som har vore opptekne av skeiv teori, kan ein nemne Fanny Ambjørnsson, Martin Berg, Pål Bjørby, Agnes Bolsø, Mathias Danbolt, Don Kulick, Ellen Mortensen, Nils-Axel Nissen, Tiina Rosenberg og Jan Wickman.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ambjørnsen, Fanny (2006): Vad är queer. Stockholm: Natur och Kultur
  • Berg, Martin & Jan Wickman (2010): Queer. Malmö: Liber
  • Bjørby, Pål (2001): «Queer-teori: Asymmetriske identiteter». I: Brantsæter, Marianne C. et al. (red.): Norsk homoforskning. Oslo: Universitetsforlaget
  • Bolsø, Agnes (2010): Folk flest er skeive. Queer teori og politikk. Oslo: Forlaget Manifest AS
  • Butler, Judith (1990): Gender trouble. Feminism and the subversion of identity. New York: Routledge
  • de Lauretis, Teresa (1991): «Queer Theory. Lesbian and Gay Sexualities: An Introduction». I differences. A Journal of Feminist Cultural Studies 3, no. 2, iii-xviii
  • Dambolt, Mathias (2009) «Touching History: Archival Relations in Queer Art and Theory» in Lost and Found: Queerying the Archive, Mathias Danbolt, Jane Rowley, Louise Wolthers (eds.), Copenhagen: Nikolaj Copenhagen Contemporary Art Center, 2009.
  • Edelman, Lee (2008): No Future: Queer Theory and the Death Drive. Durham, NC: Duke University Press
  • Foucault, Michel (1978): The History of Sexuality. Volume 1: An Introduction. New York: Patheon
  • Halperin, David M. (1995): Saint Foucault. Towards a gay hagiography. New York: Oxford University Press
  • Halperin, David M. (2002): How to do the history of homosexuality. Chicago: The University of Chicago Press
  • Kristiansen, Hans W. & Willy Pedersen (2003): «Når skeiv teori blir levd liv». I: Samtiden. 2: 79–87
  • Kulick, Don (1996): «Queer Theory: vad är det och vad är det bra för?» I: Lambda nordica. 2 (3–4): 5–22
  • Rosenberg, Tiina (2002): «Om heteronormativ historieskrining». I Borgsröm, Eva (red.): Makalösa kvinnor. Könsöverskriare i myt och verklighet. Göteborg: Alfabeta/Anamma.
  • Rosenberg, Tiina (2002): Quuerfeministisk agenda. Stockholm: Atlas
  • Sedgwick, Eve Kosofsky (1990): Epistemology of the closet. Berkeley: University of California Press
  • Warner, Michael (1999): The trouble with normal. Sex, politics, and the ethics of queer life. Cambridge: Harvard University Press

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg