Pride i Oslo i 2018
Pride i Oslo i 2018
Av /NTB.
Oslo pride 2015
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0
Oslo Pride
Kim Friele (i midten i hvit skjorte) under Oslo Pride i 2015 sammen med Marit Nybakk, Raymond Johansen og Tone Tellevik Dahl.
Av /NTB Scanpix.

Pride, frå det engelske ordet for stoltheit, er ei feiring av skeiv kjærleik og mangfald. Sidan tidleg 1970-tal har pride-feiringane i stadig større grad satt sitt preg på norske byar og tettstader, og gjort det skeive miljøet stadig synlegare i det norske samfunnet. Dette inkluderer også pride i samisk kontekst; i 2015 vart pride for fyrste gong organisert i Sápmi, nærmare bestemt i Karasjok.

Faktaboks

Etymologi

engelsk «stoltheit»

Også kjend som

gay pride («homofil stoltheit»)

Som identitetsmarkør nyttast «skeiv» av personar som ikkje vil nytte tradisjonelle identitetskategoriar som homofil eller lesbisk. Skeiv kan også nyttast som mangfaldsomgrep, og famnar då homofile, lesbiske, bifile, transpersonar og intersex (LHBTI), og andre kjønns- og seksualitetsuttrykk. Felles for desse er at dei fell utanfor heteronormen, og at dei lenge var usynleggjort og marginalisert. Skeiv inkluderar òg BDSM og andre former for fetisjar. Heilt sidan dei fyrste pride-festivalane vart organisert har det vore diskusjon om kva slags grupper skeive som skal gjerast synlege. Frå storsamfunnet har det vore særleg kritikk retta mot nakne kroppar og uanstendig atferd i pride.

Pride-feiringane består som regel av debattar og føredrag, festar og til slutt ein parade. Paraden er kanskje den aller viktigaste arenaen for synleggjering, der pride-deltakarane marsjerer gjennom sentrale delar av norske byar med parolaer, flåter og fargerike innslag.

Formålet med pride er å synleggjere det store mangfaldet innan seksualitet, kjønn og kjærleik. Det viktigaste symbolet for pride er regnbogeflagget.

Foreininga FRI og andre delar av den organiserte homobevegelsen var opprinneleg den viktigaste drivkrafta bak organisering av pride-markeringer. Framleis i dag er det mykje samarbeid mellom lokale skeive organisasjonar og eigne pride-foreningar, men i takt med at stadig fleire pride-markeringar finn stad, er det ikkje nødvendigvis alltid ein lokal skeiv organisasjon som står bak. Sidan pridermarkeringar har vorte vanlegare, og ein større andel av storsamfunnet sluttar opp om feiringa, er det imidlertid ikkje like lett å identifisere kva slags krefter som står bak utviklinga. Sidan pride i større grad òg har vorte ein stad der næringslivet kan tjene pengar, er det ikkje alltid like lett å sjå den politiske koblinga.

Historikk

Stonewallopprøret 28. juni 1969

28. juni 1969 braut det ut protestar utanfor baren Stonewall i New York. Det utvikla seg til eit opprør, som blir rekna som byrjinga på homokampen.

Stonewallopprøret 28. juni 1969
Av /New York Daily News.

Pride oppsto som minnemarkering for Stonewall-opprøret 28. juni 1969. Det homofile klientellet på baren Stonewall Inn i New York City hadde over lang tid blitt trakassert av politiet, og gjorde denne kvelden opprør mot politiet sine arrestasjonar. Opprøret har blitt ståande som eit viktig symbol og startskot for den moderne homokampen, kor diskresjon og undertrykking blei bytta ut med stoltheit, openheit og krav om rettar. Pride er eit konkret uttrykk for dette.

Den første skandinaviske pride-feiringa fann stad i København i 1971. Den fyrste norske pride-markeringa fann stad på Universitetsplassen i Oslo i 1974, med mellom andre Kim Friele som frontfigur. Det har vore årlege pride-feiringar i Oslo sidan 1982. Bergen har hatt tilsvarande feiringar sidan tidleg 1980-tal, og frå 1990-talet og 2000-talet har ei rad andre byar og tettstader starta sine eigne feiringar. Sidan 2015 har antallet pridermarkeringar skutt i veret i Noreg, og det ser ut til at desse feiringene har vorte folkefestar for mangfald.

Opprinneleg hadde dei lokale pride-festivalane i Noreg norske namn, til dømes Skeive dager i Oslo, Stavanger på skeivå og Regnbuedagene i Bergen. I dag har desse namna i stor grad vorte bytta ut med det engelske ordet pride.

Frå byrjinga på 1970-talet har dessutan homofile og lesbiske deltatt i 1. mai-markeringar, og slikt synleggjort skeivt mangfald.

I dei tidlege paradane var det færre deltakarar enn i dag. I ein av dei første paradane i Bergen skjulte mange av deltakarane andleta sine i frykt for å oppleve stigmatisering og diskriminering.

Rolle og symbolikk

Regnbogeflagget
Regnbogeflagget er eit symbol på LHBT-rørsla, og nyttast under pride-feiringa.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Sidan 2017 har pride-paraden i Oslo opplevd ei mangedobling i oppslutning. Omkring 30 000 deltar i paraden og 200 000 er tilskodarar, men dei eksakte talla kan variere frå år til år. Omkring 450 000 personar er innom Oslo pride i løpet av dei dagane som festivalen varer. Ei viktig utvikling i pride-feiringane er at dei ikkje lenger er ein fest berre for skeive, men er blitt ein fest der også majoritetsbefolkninga, næringslivet og det politiske miljøet. Eit konkret døme på dette er at regnbogeflagget vaiar frå offentlege bygg og på offentlege plassar under pride.

Regnbogeflagget er kanskje det viktigaste symbolet for feiringane. Det blei skapt av Gilbert Baker i San Francisco i 1978. Flagget har gjennomgått fleire endringar kva gjeld tal på striper og fargar, men den vanlegaste utgåva i dag består av seks striper. Enkelt sett kan ein seie at flagget symboliserer mangfald, livsglede, livsmot og kamp. Flagget har òg oppstått i ei rad andre variantar som symboliserer ulike forståingar av seksuell orientering, kjønn og fetisjar. Slik tar flagget også på seg ei viktig identitetsskapande rolle i eit stadig meir differensiert, mangfaldig og synleg skeivt miljø.

Kritikk

Trondheim pride 2016
Dei siste åra har det vorte vanleg at politikarar deltek i pride-feiringa. Her opnar statsminister Erna Solberg Trondheim pride i 2016.
Av /NTB scanpix.

Heilt sidan dei fyrste pride-markeringane byrja, har konservative aktørar vore kritiske til at homoseksualitet skal visast fram offentleg. I takt med at markeringane har vorte større, har det imidlertid fleire frå den skeive bevegelsen dei siste åra kritisert pride for å vere for kommersiell og utvatna. Kritikarane er bekymra for at den radikale politikken som opprinneleg var viktig for pride har blitt fjerna til fordel for ein meir stuerein homobevegelse som ikkje utfordrar heteronormative ideal. Radikal politikk i den tidlege homobevegelsen var til dømes forsøk på å utfordre tradisjonelle familiekonstellasjonar og utvikle meir frigjerande former for samliv, intimitet og seksualitet. Kritikarar er òg bekymra for at pride har blitt ein kommersiell merkevare utan substansielt innhald, som tiltrekk seg næringslivet, men som ikkje utfordrar andre maktforskjellar i samfunnet knytta til økonomisk fordeling.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hanne Marie Johansen (2019), Skeive linjer i norsk historie fra norrøn tid til i dag, Samlaget.
  • Elisabeth L. Engebretsen (2021), “Cake is not an Attack on Democracy”: Moving beyond Carceral Pride and Building Queer Coalitions in Post–22/7 Norway I «NORA: Nordic Journal of Feminist and Gender Research», 29(4).
  • Anna-Maria Söderberg (2017), Homonationalism, Leopard förlag
  • Dávvet Bruun-Solbakk & Elisabeth Stubberud (2019), Sápmi Pride og skeiv samisk organisering, Senter for tverrfaglig kjønnsforskning/Universitetet i Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg