Peter Skovholt Gitmark

Faktaboks

Peter Skovholt Gitmark
Født
15. april 1977, Kristiansand, Agder

Artikkelstart

Peter Skovholt Gitmark er siviløkonom og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Vest-Agder i 2005–2013.

Bakgrunn

Peter Skovholt Gitmark er fødd i Kristiansand i Vest-Agder (no Agder). Han gjekk på Kristiansand katedralskole i 1993–1997 og er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole i Bergen i 2003. Han har arbeidd som seniorrådgjevar for kommunikasjonsbyrået Burson-Marsteller. I 2013 byrja han i Amrop, der han vart partnar.

Politisk karriere

Gitmark var leiar av Vest-Agder Unge Høgre i 1996–1998, medlem av sentralstyret i Unge Høgre i 1998–2000, representant for Høgre i Vest-Agder fylkesting i 1999–2003 og leiar av Vest-Agder Høgre i 2004–2008. Han var vararepresentant til Stortinget i perioden 2001–2005, men møtte fast for statsråd Ansgar Gabrielsen heile perioden. Han var innvald som stortingsrepresentant for Høgre frå Vest-Agder i 2005–2013.

Dei viktigaste politiske sakene hans var å kjempe mot diktatur og for menneskerettar, med vekt på Afrika, synleg politi, miljø og vegutbygging.

Andre verv

Gitmark var med i styret for Vest-Agder NGS i 1995–1997 som økonomiansvarleg og politisk nestleiar, medlem av styret i International Young Democrat Union i 2003–2004, nestleiar i 2004–2006 og leiar i 2006–2009, og visepresident i det internasjonale styret for Atlantic Association of Young Political Leaders (AAYPL) i 2008–2009. Han vart styremedlem i Europabevegelsen i Vest-Agder og medlem av representantskapet i Stefanusalliansen i 2011. Han var med å starte opp Sørlandsnettverket i 2011.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg