Oddmund Hagen

Faktaboks

Oddmund Hagen
Født
21. februar 1950, Snillfjord, Trøndelag
Oddmund Hagen
Av /Det Norske Samlaget.

Artikkelstart

Oddmund Hagen, forfattar og litteraturkritikar. Han er ei lågmælt og særmerkt røyst i den nynorske litteraturen.

Bakgrunn

I 1978 vart han cand.philol. frå Universitetet i Trondheim, med pedagogikk grunnfag, historie mellomfag og nordisk hovudfag. Hagen har skrive ei rekkje bøker, både diktsamlingar, noveller og romanar. Han er fast bokmeldar i Dag og Tid.

Forfattarskap

Den litterære debuten var diktsamlinga Kvardagar i 1977. Dikta framstår som tradisjonelle i forma og skildrar livet til vanlege menneske i utkant-Noreg. Hagen er oppvaksen på trøndelagskysten, og i den andre diktsamlinga, Tiltale (1980), uttrykkjer han sterk medkjensle med folket han kjem frå, samstundes som vi her finn ein tydeleg kritikk mot styresmaktene sin fråflyttingspolitikk. I desse tidlege dikta held han seg til ei tradisjonell form, medan han seinare er modigare og i nokre av dikta nærmar seg modernisme.

Sjangrar

Etter tre diktsamlingar freistar Hagen andre sjangrar. I romanen Utmark, frå 1996, opplever hovudpersonen ei djup personleg krise. Han bryt opp og reiser heim til bygda han voks opp i. Intense skildringar av sorg, sakn og skuld pregar romanen. For denne boka fekk han mykje skryt i litterære krinsar og dessutan Nynorsk litteraturpris.

Språk

Hagen har etter kvart utvikla eit særeige språk. Han seier sjølv han lèt tankestraumane og medvitet flyte fritt. Resultatet vert svært lange setningar, ofte på fleire sider. Novella «Flukt», frå 2000, er ei einaste lang setning på 70 sider.

Barnelitteratur

Hagen har òg skrive bøker for barn. Trilogien om den vesle harepusen Klumpen er illustrert av biletkunstnaren Akin Düzakin. I desse bøkene hender eigenleg svært lite på det ytre planet. Likevel greier forfattaren å mane fram spenning, ofte ved hjelp av eit rytmisk språk, der oppattaking er eit viktig verkemiddel.

For Over jordet, den første boka i trilogien, fekk Hagen og Düzakin Unni Sands biletbokpris. I 1999 vart Hagen heidra med Samlagsprisen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg