Oddmund

Artikkelstart

Oddmund kan reknast som eit nylaga mannsnamn, med Odd frå til dømes Oddbjørn og -mund frå til dømes Åsmund. Oddmund kan også ha oppstått ved omtolking av Ommund som går tilbake til Ogmund eller Åmund.

Namnet har fleire variantar: Odmund, Oddmund, Oddmunn.

Namnedag er 15. juli. Oddrun har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Oddmund

Eit utval personar med namnet Oddmund, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 2900 menn (fødde i Noreg) som hadde Oddmund som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg