Artikkelstart
Norsk Bladmannalag er organisasjon skipa i 1913 for å fremje aviser og blad på nynorsk. Laget oppretta pressekontor, stod for den første journalistutdanninga her i landet og lanserte tanken om nynorskleksikonet Norsk Allkunnebok.
Norsk Bladmannalag var ein samskipnad for å fremje nynorsken, særleg aviser og blad på nynorsk, og for å betre vilkåra for dei som arbeidde i den nynorske pressa. Initiativet vart teke av Hans Aarnes i januar 1913, og 6. juli 1913 vart laget skipa under årsstemnet til Noregs Ungdomslag i Skien. Medlemer kunne vere fastlønte journalistar i reine nynorskblad, medhjelparar i slike blad og eigarar og driftsstyrarar i blada.
Ved skipinga i 1913 hadde laget 24 medlemer, ved utgangen av året hadde talet vakse til 42, og i 1938 var det 46 medlemer. Hans Aarnes var formann 1913–1928, Einar Breidsvoll 1928–1936 og Agnar Skeidsvoll 1936–1941. Ludvig Botnen tok over fram til 1952, deretter var Ludvig Jerdal formann i 26 år. Det er i dag lite aktivitet i laget. Bladmannalaget var frå byrjinga av med i Noregs Mållag.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.