Ludvig Jerdal

Faktaboks

Ludvig Jerdal
Født
2. april 1908, Kvinesdal
Død
4. november 2003, Bergen
Ludvig Jerdal
Av .

Artikkelstart

Ludvig Jerdal var ein journalist og konservativ målmann. Han arbeidde i pressa i 40 år og var like lenge leiar for Vestmannalaget.

Jerdal gjekk Kvinesdal fylkeskule 1923–25 og tok elles ymse kurs. I over 40 år var han journalist. Han arbeidde i Gula Tidend i åra 1936–1940, men hadde alt frå 1933 vore redaktør for Unge Agder i Kristiansand. Frå 1945 til 1978 var han journalist i Dagen. Året 1955 redigerte han Norsk Tidend.

Jerdal var aktiv på mange hald og hadde mange verv. Han var ein stridfør konservativ målmann og var leiar i Norsk Bladmannalag 1955–1978, Vestlandske Mållag 1954–1956 og 1977–1992 og Vestmannalaget 1950–1956 og 1957–1991. I yngre år var han formann i Kvinesdal Mållag.

I Bondeungdomslaget i Bjørgvin var han leiar 1940–1942 og 1945–1952, i Bygdelagsnemndi i Bergen 1968–1970 og i Landslaget for Spelemenn 1952–1961. 1952–1956 sat han i bystyret i Bergen, og i 25 år i 17. maikomiteen. 1969–1989 var han rådsmedlem for Festspela i Bergen og 1955–1992 styremedlem i Norsk-Islansk Samband.

Han var aktiv i motstanden mot den tyske okkupasjonen, sat tre og eit halvt år i tysk fangeskap og var tildelt Kong Haakon VIIs fridomsmedalje. I åra 1948–1951 var han formann i Tysklandsfangers forening i Bergen.

Jerdal gav ut fleire bøker. Han var med og redigerte jubileumsskrifta for Vestlandske Mållag, Vestmannalaget og Bygdelagsnemndi i Bergen. I 1946 gav han ut romanen Heimlandet dreg, og i 1983 kom boka Grundtvig og folkehøgskulen i dag.

Han var æresmedlem i mange lag: Vestmannalaget, Vestlandske Mållag, Bergens Presseforening, Landslaget for Spelemenn og Kunstnersamfundet i Bergen. I 1963 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull, og i 1974 vart han tildelt riddarkrossen av den islandske Falkeordenen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Conrad Clausen: Ludvig Jerdal. Festskrift til 80-årsdagen 2. april 1988. Bergen 1988
  • Hallvard Framnes mfl. (red.): Vestlandske Mållag 1904–1954. Bjørgvin 1954
  • Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
  • Arne Lyngvi: «En hedersmann forteller». Bergens Tidende 12.11.2003
  • Kjartan Rødland: «Den gode mannen frå det vonde huset». Bergens Tidende 2.4.1998
  • Kjartan Rødland: «Med slips og norskdom». Bergens Tidende 1.4.2003
  • Randi Skeie: «Minneord». Bergens Tidende 21.11.2003
  • Reidar Storaas: «Ludvig Jerdal til minne». Bergens Tidende 7.11.2003
  • Nils E. Øy (red.): Pressefolk 1997. Institutt for journalistikk 1998

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg