Albert Joleik

Faktaboks

Albert Joleik
Født
14. mars 1880, Florø
Død
30. april 1968, Bergen

Artikkelstart

Albert Joleik var ein norsk journalist, avisredaktør, aviseigar, oversetjar, bygdebokforfattar og gardbrukar som var utdanna cand.real. og offiser. Han skal ha vore den første som skreiv på nynorsk då han gjekk opp til eksamen ved Universitetet i Oslo, noko sensorane visstnok sette liten pris på.

Joleik hadde ei kort, men uvanleg militær karriere. Han vart sekondløytnant, som det då heitte, i 1903. Frå 1905 til 1908 gjorde han teneste som offiser i dåverande Belgisk Kongo (nå Den demokratiske republikken Kongo).

Joleik ga frå 1911 til 1913 ut målbladet Spegjelen i Trondheim. Deretter vart han redaksjonssekretær og medredaktør i Gula Tidend i Bergen, og frå 1919 til 1921 eineredaktør. Frå 1923 til 1940 ga han ut si eiga avis, Fjordaposten. Fra 1940 og livet ut veksla han mellom arbeidet som gardbrukar i Naustdal og skriving av bygdebøker. Han laga si eiga rettskriving, med mellom anna markering av opne og lukka vokalar og stumme d'ar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg