Faktaboks

Einar Nyborg Breidsvoll
Fødd
10. august 1889, Chicago, USA
Død
31. desember 1959, Oslo

Einar Nyborg Breidsvoll var ein norsk redaktør, «språkrettar» og ordlistemann. Han la grunnlaget for den mest selde ordlista i Noreg.

Einar Nyborg Breidsvoll var fødd i Chicago, men voks opp i Elverum. Han tok realartium i Kristiania i 1907, studerte realfag, men tok ikkje embetseksamen. Med eit mindre avbrot arbeidde han frå 1913 til 1935 i Den 17de Mai, den viktigaste nynorskavisapå den tida. I 1917 vart han redaksjonssekretær, og frå 1927 til avisa gjekk inn i 1935, var han redaktør. Frå 1937 til 1940 styrde han bladet Noreg, eit vekeblad med Venstre-profil.

Ordliste

Då regjeringa Nygaardsvold vedtok ei ny rettskriving i 1938, gav Breidsvoll og Knut Liestøl same året ut Nynorsk ordliste. I samband med læreboknormalen av 1959 kom det ny utgåve, utarbeidd av Breidsvoll og Alf Hellevik. Seinare har ordlista levd vidare, kjend som «Helleviks ordliste», sidan 2000 redigert av Kåre Skadberg og Aud Søyland. Frå 1938 til i dag har ordlista vore prenta i over to millionar eksemplar.

Tillitsverv

Breidsvoll sat i styret for Det Norske Samlaget i over ein mannsalder – som varamann frå 1917, medlem frå 1919, styreformann 1936–1949, og varamann til 1959. I perioden 1928–1935 var han formann i Norsk Bladmannalag. I 1923 var han nestformann i det første målstyret i Studentsamfunnet. I yngre år omsette han òg Det kommunistiske manifestettil nynorsk.

«Språkrettar»

I seinare år kalla han seg gjerne «språkrettar». Frå 1945 til juli 1954 var han tilsett som korrekturlesarStortinget og las korrektur på nynorsken i Stortingstidende. Han var språkkonsulent for Det Norske Teatret frå 1936 og var eit par år nynorsklærar for Teaterskulen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen: Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900–2000. Oslo 2003
  • Antor Aune: «Nynorske bladmenner no. Biografiske data.»
  • Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
  • Bjarte Birkeland mfl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968.Oslo 1968
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
  • Olav Midttun: Mål og menn. Oslo 1968
  • Sigmund Skard og Åse Gruda Skard: Menneske vi møtte. Oslo 1985
  • Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret 50 år. 1913–63. Oslo 1963

Faktaboks

Einar Nyborg Breidsvoll
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392115195

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg