Vestlandske Mållag var eit fylkesmållag stifta i 1904. Laget fekk etablert nynorsk gymnas på Voss og i Bergen og verna om tradisjonelle former i nynorsken. I 1971 gjekk laget ut av Noregs Mållag.

Vestlandske Mållag vart skipa i Bergen 5. april 1904. Initiativet var teke av det gamle mållaget Vestmannalaget og det unge bondeungdomslaget Ervingen. Det møtte 20 sendemenn frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Bergen. Laget vedtok som formål å arbeide «for at det norske mål fær full rett og heil vyrdnad og kjem fullt i bruk i all tale, i bok og blad, i skule og kyrkje, bygdestyre og riksstyre».

Lars Eskeland var den første formannen. Mellom seinare leiarar var Johannes Lavik, Torleiv Hannaas, Eirik Hirth, Hallvard Framnes og Ludvig Jerdal.

Vestlandske Mållag arbeidde den første tida mellom anna for å etablere bondeheim (hotell) og kaffistove i Bergen (opna i 1910 og 1913) og for nynorsk mellomskule og gymnas på Voss (1910–18) og i Bergen (mellomskule 1921–1950, 2-årig gymnas 1944–1949). Laget freista å fremje nynorsk handelsspråk og var med og skipa Landsbanken i Bergen (1914–1923), den første banken med nynorsk som administrasjonsmål. I 1920–1923 arrangerte laget kurs i nynorsk og rekneskapsføring, med til saman over 900 elevar. Vestlandske Mållag tok elles ymse initiativ når det galdt bruk av nynorsk i styringsverk, kyrkje, skulebøker og aviser. I 1933 hadde Vestlandske Mållag 50 lokallag og var utan samanlikning det største fylkeslaget i Noregs Mållag. Austmannalaget var det nest største og hadde 16 lokallag.

Vestlandske Mållag gjekk imot den nye rettskrivinga i 1917. Dei meinte at landsmålet trong ro. Reforma innførte valfrie a‑former ved sida av dei tradisjonelle i‑formene for hokjønnsord og inkjekjønnsord (sola, husa ved sida av soli, husi). I samband med rettskrivingsreforma av 1938, der i-formene vart gjorde til sideformer, etter at det først hadde vore på tale å ta dei heilt ut, forsvarte Vestlandske Mållag i-målet og gjekk inn for jamstilling mellom i-former og a-former.

Laget vart ståande for ein markert konservativ nynorsk og gjekk i 1971 ut av Noregs Mållag og melde seg inn i Ivar Aasen-sambandet, som hadde til formål «å verja og dyrka det norske målet på heimleg norsk og norrøn grunn i samhøve med verket åt Ivar Aasen». Som nytt fylkeslag i Noregs Mållag vart Hordaland Mållag stifta og fekk raskt stor oppslutning.

I 1972 starta Vestlandske Mållag lokalavisa Midhordland og stod som utgivar til og med 1975. Avisa gjekk inn i 1990. Rundt tusenårsskiftet oppstod det bitre konfliktar i det som var att av Vestlandske Mållag. Det toppa seg i 2002, då fraksjonane heldt kvart sitt årsmøte i mållaget sitt namn og valde kvart sitt styre. Dei seinare åra har det vore lite aktivitet i laget.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Olaf Almenningen: Målstrev og målvokster 1905–1913. Oslo 1984
  • Ivar Eskeland: I strid for norsk mål. Noregs Mållag 1906–1956. Oslo 1956
  • Hallvard Framnes, Severin Eskeland og Ludvig Jerdal (red.): Vestlandske Mållag 1904–1954. Bjørgvin 1954
  • Torleiv Hannaas, Conrad Clausen og Ludvig Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
  • Jan H. Landro: «Kløyvd språkfred», Bergens Tidende 10.11.2002
  • Ådne Lunde og Turid Kjetland: «Målmøte på stad som ikkje finst», Bergens Tidende 12.6.2002
  • Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978
  • Per Ivar Vaagland: Målrørsla og reformarbeidet i trettiåra. Oslo 1982

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg