May er eit kvinnenamn som er kortform av Maya. I engelsk kan May vere kortform av Mary og Margaret. May kan dessutan ha bakgrunn i det engelske månadsnamnet May.

Namnet har fleire variantar: Mai, Maj, May.

Kjende personar med namnet May

Eit utval personar med namnet May, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 11 411 kvinner i Noreg som hadde May som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og May var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 12 jenter som fekk namnet May.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. Mai – med topp 1955–1964 – er i forma Maj er innlånt frå svensk. Mai kjem dermed på linje med andre einstava nordiske namn som Aud, Bjørg, Gerd, Gro, Gry, Gunn, Liv, Siv og Unn. Dei fleste har til liks med Mai og May ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1935–1974. Sidan år 1900 har May vore brukt over seks gongar meir enn Mai.

Utvikling i bruk av namnet May frå 1880
Utvikling i bruk av namnet May frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg