May-Helen Molvær Grimstad

Faktaboks

May-Helen Molvær Grimstad
Født
31. januar 1968, Ålesund, Møre og Romsdal
May-Helen Molvær Grimstad i 2005.
Av /NTB.

Artikkelstart

May-Helen Molvær Grimstad er politikar, tidlegare kommunalsjef og stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti (KrF) frå Møre og Romsdal frå 1993 til 2009.

Bakgrunn

May-Helen Molvær Grimstad er fødd i Ålesund i Møre og Romsdal. Ho tok handelsskule i Ålesund i 1984–1987, var elev ved Fjellhaug bibelskole i Oslo i 1987–1988, studerte offentleg administrasjon ved distriktshøgskulen i Molde (no Høgskolen i Molde) i 1988–1989 og kommunal planlegging og administrasjon ved distriktshøgskulen i Volda (no Høgskulen i Volda) i 1989–1991. I 2019 tok ho til i stillinga som kommunikasjonsdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Politisk karriere

Molvær Grimstad har hatt fleire verv i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) og var mellom anna leiar av Ålesund KrFU i 1985–1986, leiar av Sula KrFU i 1986–1989 og 1991–1993 og medlem av sentralstyret i ungdomspartiet i 1987–1988. I 1989 var ho nestleiar og i 1989–1991 fylkesleiar i Møre og Romsdal KrFU. Ho var organisasjons- og ungdomssekretær for Møre og Romsdal Kristeleg Folkeparti i 1991–1993.

Ho var stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Møre og Romsdal i 1993–2009. I den første perioden var ho medlem av samferdselskomiteen og i den andre var ho leiar av familie-, kultur- og administrasjonskomiteen. I 2001–2005 sat ho i næringskomiteen. Ho var tilbake som leiar av familie- og kulturkomiteen i den siste perioden. På Stortinget arbeidde ho mellom anna med likestilling, kultur og den nye ekteskapslova som blei vedteken i 2008.

Molvær Grimstad var kommunalsjef i Giske kommune 2010–2014 og i 2014–2019 var ho rådmann i Sykkylven kommune.

Andre verv og utmerkingar

Molvær Grimstad hadde ulike verv i Langevåg Indremisjon i 1981–1993, var medlem av rådet for Nei til EU i 1994–1995, medlem av styret i Alkokutt i 1996–2001 og leiar av Kringkastingsrådet i 2010–2013. I 2009 fekk ho Sula Mållags målpris for arbeidet sitt for nynorsk og norsk kultur.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg