Martine Grande

Faktaboks

Martine Grande
Født
8. februar 1985
Martine Grande
Av /Det Norske Samlaget.

Artikkelstart

Martine Grande er ein norsk forfattar, illustratør og animatør med eit fargerikt og leikent formspråk. Ho lagar biletbøker for barn på nynorsk. Nokre av bøkene finst også som animasjonsfilmar.

Bakgrunn

Martine Grande vaks opp i Lierne i Trøndelag. Ho har ein bachelorgrad i animasjon frå Høgskulen i Volda i 2007 og bur no i Oslo, der ho driv sitt eige animasjonsselskap, Grande Produksjon.

Forfattarskap

Grande debuterte som forfattar med biletboka Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar i 2013. Deretter kom biletboka Dagen opp ned i 2015 og Leseland-boka Tapar i 2017. Bøkene hennar tek opp universelle emne, til dømes det å vere annleis eller å vere lei seg. Biletbøkene til Grande er lett attkjennelege, med ein tydeleg strek og klare fargar. Stipla strekar og bokstavtrådar gir rørsler til karakterane i bøkene. Ho har sjølv laga filmar og skrive teatermanus basert på bøkene.

Filmarbeid

Som filmskapar har Grande vore manusforfattar, regissør, produsent og har stått for animasjon, klipp og design. Debuten hennar som filmskapar var eksamensfilmen frå Høgskulen i Volda. Animasjonsfilmen Mein Stampf or the Danceshow of the Last Century (2007) inneheld dansande SS-soldatar og ein Hitler-liknande karakter og var ein suksess på internasjonale filmfestivalar. I 2009 var Grande animatør for komiserien Fanthomas. Året etter filmatiserte Grande Kari Stai si biletbok Jakob og Neikob og vidareførte den leikne visuelle stilen til Stai. I 2012 kom kortfilmen Sammen, som Grande også skreiv manus til. I 2016 kom filmen Jenteloven, ein animert collagefilm som tek opp tema som femininitet, diskriminering, mytar og makt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg